Strøyming av hingsteutstillinga for fjordhest 2022
Norges Fjordhestlag gjentek suksessen frå i fjor med strøyming av hingsteutstillinga. Dette gir deg høve til å følgje med uansett kvar i verda du er. Det er, som i fjor, selskapet Frequency som står for det tekniske ved sendingane.
Sendingane vil vere opne for alle. Vi håper likevel at du vil bidra til spleisen, for å hjelpe Norges Fjordhestlag med delar av kostnadane knytt til strøyminga.
Dette vil du kunne få med deg:
Utvida bruksprøve – køyredel
Utvida bruksprøve – ridedel
Lausmønstring av alle hingstar
Klassevis mønstring av alle hingstar
Einskildmønstring av alle hingstar
Showklasse for 2-årshingstar
Premiering
Vi oppmodar alle som vil nytte seg av tilbodet til å bidra med 250 kroner til Spleisen. Det er det same som ein billett til hingsteutstillinga kostar.
![](https://spleisprod.s3.amazonaws.com/uploads/projects/218489/description/aV4iXn8WH.jpg)