LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Frå morgon til kveld - CD med det beste av felespelaren Knut Myrann og gamaldansgruppa Knut Halvards

Frå morgon til kveld - CD med det beste av felespelaren Knut Myrann og gamaldansgruppa Knut Halvards

Alle pengane som kjem inn skal vera med på å dekka kostandane til denne CD-produksjonen.

Frå Morgon til Kveld

Den som kjenner hardingfelespelaren Knut Myrann frå Nore i Numedal, busett på Nesbyen, veit at når han var ute på spelferder, konsertar og/eller kappleikar, på dansespeling med gruppa Knut Halvards, så kunne fela låta nærast frå morgon til kveld, eller frå kvelden til morgonen, for den del. 

No har Knut, i ein alder av 90,planar om å samla i hop det beste av innspelingane han har gjort opp gjennom eit langt spelemannsliv på ei CD-utgjeving. Innspelingar som også omfattar gamaldansgruppa Knut Halvards. Eit orkester som vart norgesmeistrar i gamaldansmusikk og som farta land og strand rundt i det sørlege Noreg for å spela til dans for ihuga runddansentusiastar. 

Knut er ein av svært få aktive folkemusikarar som er fødd tidleg på 1930-talet. Entusiasmen og interessa for folkemusikken er faktisk like stor i dag som då han som tenåring byrja med hardingfela. Det står det respekt av, og at han no vil dela litt av det repertoaret han rår over med oss, er også prisverdig.

Han har turnert med fela i inn- og utland. Fleire har turane vore til USA både som solospelar og i lag med gamaldansgruppa Knut Halvards. Han har lært av dei legendariske spelemennene som var fødd på slutten av 1800-talet og tidleg 1900-talet. Namn som Johannes Dahle (1890-1980), Torkjell Haugerud (1876-1954), Gjermund Haugen (1914-1976), Eivind Mo (1904-1995), Sigbjørn B. Osa (1910-1990), Rikard Gøytil, Anders Kjerland (1900-1989), Kristiane Lund (1889-1976), Steingrim Haukjem (1897-1968) og Høye Kvåle (1879-1967) kan nemnast. Denne namnelista vitnar om at Knut søkte det beste hjå dei beste. 

Du som har interesse av godt hardingfelespel og god runddansmusikk har no høve til å vera med på eit spleiselag slik at vi kan få realisert denne CD-utgjevinga.

Det kostar å produsera CD-plater og for at vi skal kunne ro dette i land så vender vi oss til deg som nettop brenn for folkemusikken vår. Ved å gje ein skjerv til produksjonen er du også med på å vidareformidla dette unike stoffet til nolevande og komande slekter.

Gjev du ein skjerv så kan du vera ein av dei tre som blir uttrekte til å få ei gratis CD sendt i posten. 

På førehand takk for støtta.

Frå morgon til kveld - CD med det beste av felespelaren Knut Myrann og gamaldansgruppa Knut Halvards

2 400 kroner innsamlet

8 givere
Avsluttet 01.07.2022
16% av 15 000 kr
ETNISK MUSIKKLUBB AS mottar pengene
Bjørn Laupsa-Borge sitt profilbilde
Verifisert
Bjørn Laupsa-Borge
står bak spleisen
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Bjørn Laupsa-Borge er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×