LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Spleiselag for Solstadbrue - kr 100.000 innan 1. august!

Spleiselag for Solstadbrue - kr 100.000 innan 1. august!

Alle pengane skal brukast til materiale, maskin- og arbeidskostnader for å få gjenreist hengjebrua over Hemsil - i regi av foreininga "Solstadbrue".

Hengjebrua over Hemsil får nytt liv!

For tre år sidan reiste flaumen med hengjebrua ved Solstad, ein god kilometer nedanfor Trøym sentrum. Brua var krumtappen i det svært populære turveg-nettet Hemsilstigen, Grønåsstigen og Fiskumstigen. I tre år har me og mange med oss sørga og sakna, men i vår bestemte me oss for at nok er nok! Solstadbrue må gjenreisast! Til det føremålet har me danna Foreininga Solstadbrue og starta ein Spleis.

Med dugnad og mange deltakarar får me det til

Me har undersøkt, studert og kalkulert, og kome fram til ein realistisk plan for at Solstadbrue kan stå klar til ny bruk våren 2023. Dersom me satsar på ein god gamaldags bygdedugnad. I eit slikt prosjekt er det ikkje så mykje kvar enkelt kan bidra med av praktisk dugnad. Men me kjem ingen veg utan peing – innan 1. august må me ha 100 000 for å få hjula tilstrekkeleg fort i sving. Då får me det til.

Du kan støtte gjenreisingsarbeidet på to måtar:

Alternativ 1: Husstandsmedlemskap i Foreininga Solstadbrue (for fastbuande) – eingongsbeløp kr 2000 til Spleiselag for Solstadbrue, kontonummer 2320.25.04434. 

Merk innbetalinga med «Medlemskap» og namn på ein person i husstanden.

Alternativ 2: Støtte til gjenreisingsarbeidet, valfritt beløp til same kontoen. Skriv gjerne namn på gjevaren.

Ingenting kjem av seg sjølv, men mange bekkar små gjev ei stor å! Bli med på folkeaksjonen Solstadbrue. I mai 2023 blir det ny hengjebru og stor brufest!

---

Litt om framdriftsplanen:

Gunnar Haugo har sagt ja til å vera byggjebas og Ola Magne Kirkebøen er styreleiar i den nystarta foreininga. Arbeidet vil føregå i fem etappar fram mot våren 2023.

* 1. etappe: Prosjektering, sende søknader om finansiering, samt: SPLEISELAG der me samlar inn kr 100.000 kr som er nødvendig for arbeidet som må gjerast i oktober månad. (Dvs at Spleiselag for Solstadbrue må ha 100.000 på konto innan 1. august 2022)

* 2. etappe: Graving og fundamentering. (Må skje første halvdel av oktober 2022)

* 3. etappe: Innkjøp av materialar, snekring, arbeid med fullfinansiering. (Må vera klart innan februar 2023)

* 4. etappe: Montering av hengjebrua. (Må skje i februar/mars 2023 når det er god is på elva.)

* 5. etappe: Snorklypping og Brufest! (Vil bli i mai 2023)

---

Litt historie:

Solstadbrue var ei 42 meter lang hengjebru som kryssa Hemsil ved buplassen Solstad, kring ein kilometer nedanfor Trøym sentrum. I nyare tid har brua vore mykje nytta av turgjengarar og fiskarar. Tidlegare var brua ein viktig ferdselsveg som knytte saman grendene på begge sider av elva. Jordheimsgardane på austsida av elva hadde skogane sine på vestsida  Og det var frå gamalt fire småbruk eller plassar på vestsida som kom frå Jordheim. For folk i Torset-grenda gjekk kyrkjevegen og ærendsvegen til sentrum over hengjebrua.

Frå gamalt av var det minst seks hengjebruer over Hemsil, så dette er også kulturhistorie. Ein veit ikkje eksakt når Solstadbrue vart bygd, men kanskje var det eingong tidleg på 1900-talet.

Tre av hengjebruene vart restaurerte kring 1990, med Gunnar Haugo og Sissel Carlstrøm i spissen. Solstadbrue var etter kvart i så dårleg stand at valet stod mellom å reparere eller rive, og heldigvis valde kommunen å restaurere. Dette forlenga levetida til brua med nesten 30 år.

Men med flaumen i 2019 kom ei svær buske med rota til vers og reiv med seg heile brua. Og då brua reiste, vart samanhengen i turveg-nettet vårt øydelagt. I arbeidet med ein friluftsplan har Hemsedal kommune nyleg undersøkt kva turstigar som er viktige for folk, og undersøkinga viser at dette heilt klart er det mest populære nær-turområdet i Hemsedal.

Velkomen på Spleiselaget for Solstadbrue! Dette skal me få til!

Beste helsing initiativgruppa: Ola Magne Kirkebøen, Turid Ekeberg, Gunnar Haugo, Signe Lise Jordheim, Gunn-Mari Åsebø, Ole-Martin Jordheim, Kjell Snerte, Rune Waaler, Sissel Carlstrøm, Tore Andreas Embre, Vidar Berg, Bjørn Olav Viken, Tori Snerte.


Spleiselag for Solstadbrue - kr 100.000 innan 1. august!

121 500 kroner innsamlet

126 givere
Avsluttet 01.08.2022
121% av 100 000 kr
Ola Magne Kirkebøen sitt profilbilde
Verifisert
Ola Magne Kirkebøen mottar pengene
Tori Johanna Snerte sitt profilbilde
Verifisert
Tori Johanna Snerte
står bak spleisen
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Tori Johanna Snerte er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×