Høbben - ein sosial arena for ungdom i Sykkylven
VIL DU STØTTE DRIFTA AV HØBBEN?
HØBBEN HAR OPNA!
Etter eit år med stor dugnadsinnsats og rause bidrag frå sponsorar og støttespelarar stod Høbben i haust klar til bruk. Det gler oss at ungdommen brukar Høbben, at dei trivst der, og at mange seier dei har funne sin plass der! (hjerte)
Høbben har no tre faste opningskveldar i veka, og i tillegg kjem andre arrangement og events. Vi har fått med ei dyktig gruppe av frivillige voksne og ungdommar som brukar fritida si på å gjere dette mogleg, og vi har ein god plan for drifta vidare.
Vi ynskjer at Høbben skal vere eit lavterskeltilbod for alle, der det skal koste minst mogleg å delta. Men vi har sjølvsagt kostnadar med både etablering og dagleg drift av denne flotte samlingsplassen.
Ved å støtte denne Spleisen vil du gi eit direkte bidrag til drifta av ein stabil og trygg sosial møteplass for ungdommen i bygda, og legge til rette for at tilbodet vert så billig som mogleg for målgruppa.
Her er nokre bilete frå Høbben-kveldar og aktivitetar:
Vi har to gamingrom med totalt 12 spelestasjonar.
Høbben er vere ein sosial samlingsplass for ungdom. Dei skal føle seg trygge og velkomne.
VI skal arrangere ulike turneringar i ulike spel framover. Dette er veldig populært blandt ungdommen.
Vi har eiget livestudio - her kan ein streame, lage podcast og musikk.