Skulejoggen 2022 - Storebø skule – Saman reddar vi liv!
I år spring vi for Leger utan grenser. TV-aksjonen 2022 skal gi medisinsk behandling til dem som trenger det mest. Saman reddar vi liv!
No er det igjen klart for årets skulejogg på Storebø skule. Gjennomføringa vert onsdag 19. oktober kl. 10.00-11.30, og alle elevar frå 1.-7. trinn deltek. Innsamlinga vil vere open til 5. november, og pengane me samlar inn, går til Leger uten grenser. Me håper du vil hjelpe oss å hjelpe!
Akkurat no ventar millionar av menneske på å bli behandla av ein lege. For mange står det om livet, men tilgang til helsehjelp er ingen sjølvfølge. Med årets TV-aksjon skal vi bidra til å førebyggje epidemiar og behandla kjente og ukjente sjukdomar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. Me skal gje vaksinar, tilgang på livreddande medisinar og legebehandling. Saman redddar vi liv!