LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Støtt etablering av Nettverket E-sportsenter

Støtt etablering av Nettverket E-sportsenter

Alle pengane som vert samla inn skal nyttast til etablering av Nettverket E-sportsenter (kjøp av utstyr, inventar og opprusting/tilrettelegging av lokale). Med sponsorgåver i og utanfor Spleisen har me no bikka 160 000 kr i støtte!!

Nettverket E-Sportsenter (NE-S) 

- med intensjon om å skape ein møteplass for alle gamerar! 

Ungdomens kulturhus Gapahuken og Øystre Slidre kommune har med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB starta opp eit prosjekt for å etablere ein møteplass for gaming og e-sport i Valdres. Føremålet er å skape ein sosial og inkluderande arena for alle med interesse for data- og tv-spel, der ein kan oppleve meistring og tilhøyrigheit ved å vere del av eit miljø der menneske møtast på tvers av andre interesser, ferdigheiter eller føresetnader for å spele saman.

NE-S handlar om å bygge nettverk mellom menneske og skape tilhøyrigheit. Me vil arbeide for å tilby treffpunkt der ein kan henge og game saman for å vere sosiale og ha det kjekt, men me skal også legge til rette for at gaminginteresserte i Øystre Slidre og Valdres skal kunne trene og konkurrere innan e-sport individuelt, eller som lag gjennom å representere NE-S.

Me arbeidar for å etablere eit topp utstyrt gamingsenter med variasjon i uttrykka, der du skal kunne spele det nyaste av det nyaste med topp speloppleving, men også kunne slenge deg godt ned i ein sofa og spele dei tradisjonelle og historiske spela som rula verda på 80- og 90-talet.

Gaming er den aktiviteten som er i størst vekst i talet på aktive spelerar på verdsbasis, men den er gjerne sett ned på og problematisert som ein syssel som gjer oss asosiale og inaktive. Me vil ta ei førande rolle i arbeidet med å skape aksept og anerkjenning av gaming og datakultur som fritidsaktivitet og konkurranseform i regionen, og arbeide med å utvikle og synleggjere den tekniske og praktiske digitale kompetansen gaming og gamerar kan tilføre lokalsamfunnet. Me vil vere ein naturleg arena for utprøving av ny digital teknologi knytt til gaming og digitale arrangement, som skapar lokal kompetanse innan digital arrangementproduksjon med overføring av lyd og bilete. Samstundes skal me arbeide for at unge gamerar lærer gode spelvanar og får kunnskap om spelbransjens ulike sider og kyniske verkemiddel.

I NE-S sine tilbod skal me legge til rette for sunn gaming i eit folkehelseperspektiv, gjennom å servere sunnare alternativ av mat og drikke og kombinere gaming med alternativ fysisk aktivitet og leik – i lys av å framheve samanhengen mellom prestasjonar, søvn, kosthald og fysisk aktivitet. Me vil vere opne for samarbeid med t.d. lokale idrettslag og andre lag og organisasjonar om felles tilbod og aktivitetar for å aktivisere inaktiv ungdom, eller om å tilby digitale tenester som begge partar kan nytte i sine tilbod. 

Me ynskjer å vere eit kompetansesenter for bruk av spel i opplæring og integrering, gjennom samarbeid, overføring av kunnskap og utveksling av kompetanse med t.d. skulen, flyktningtenesta og frivilligsentralen. Med våre lokale, vårt utstyr og vår kunnskap håpar me å kunne vere eit verktøy for å forhindre digital utanforskap både blant unge og eldre. Senteret skal vere fullt utstyrt og gje alle like utgangspunkt for å kunne nytte tilbodet uavhengig av økonomi.

Me vil ha fokus på miljø og berekraft gjennom å kjøpe kvalitetsutstyr som kan nyttast i lang tid. Fordi utstyret vert tilgjengeleg for alle, vil me fokusere på verdien av fellesskapet og kor viktig det er at alle tek vare på utstyret for at tilbodet skal kunne eksistere vidare. Om ting vert øydelagt vil me prøve å reparere framfor å kaste.

NE-S skal vere ope for alle, der tilboda vert forma etter etterspørsel og engasjement, tilrettelagt for den enkelte brukargruppa. Me vil også jobbe for å skape eit senter som er universelt utforma, slik at alle kan ta del i dette eventyret og kjenne seg likeverdige.

Vil du vere med å forfylle draumen me har om å bli ei storstove for alle våre gamerar? Støtt oss gjerne gjennom denne Spleisen, eller ta kontakt med oss for å gje ditt bidrag på ein annan måte. Velkomen med i Nettverket! 

Støtt etablering av Nettverket E-sportsenter

43 300 kroner innsamlet

31 givere
Avsluttet 31.12.2022
17% av 250 000 kr
Øystein Skattebu sitt profilbilde
Verifisert
Øystein Skattebu
står bak spleisen
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Øystein Skattebu er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×