Bigset skule – Saman reddar vi liv – TV-aksjonen 2022
TV-aksjonen 2022 skal gi medisinsk behandling til dei som treng det mest. Saman reddar vi liv!
Kva går pengane til?
Akkurat no ventar millionar av menneske på å bli behandla av ein lege. For mange står det om livet, men tilgang til helsehjelp er ingen sjølvfølge. Med årets TV-aksjon skal vi bidra til å førebygge epidemiar og behandle kjente og ukjente sjukdommar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. Vi skal gi vaksinar, tilgong på livreddande medisinar og legebehandling.