Spleis til Synnabu
Alle pengene som blir samla inn går til å dekke kostnader som bygningsmaterialar, stein og helikopterfrakt til fjellet
Synest du den nye gapahuken "Synnabu" har blitt ein fin stad å nyte utsikta over bygda på? Og at det er fint å gå tørrskodd på nylagde steinar til gapahuken?
Då håpar vi du vil vere med å støtte spleisen vår 🥰
Arbeidet som er lagt ned er gjort på dugnad, og vi har fått bidrag frå Sparebanken Møre til å dekke mykje av dei faktiske kostnadane. Men vi treng endå meir midlar for å lande prosjektet økonomisk. Derfor sett vi stor pris på eit bidrag frå deg 😊
Og så håpar vi å sjå deg på opninga den 11.11 - som også er Brattvåg sin 111-årsdag 🇧🇻

