Utstyr til CAMST ⚽️
Hei! Me er fire jenter som har praksis på ein skule i Sør-Afrika (CAMST) og ynskjer å samla inn pengar til utstyr som støttar opp om fysisk aktivitet blant elevane. Elevane går på skule kvar dag frå 08-15, men har sjelden det me i Noreg kallar for gym. Det er ein bane i nærleiken av skulen som vert brukt til rugby (etter det er sjekka at det ikkje er slangar på banen), men dette er kun for dei som har tid etter skuletid.
Me har lyst å kjøpa inn ballar og anna utstyr som dei kan bruka til å leika med i friminutta og etter skulen. Det er omtrent 80 elevar som bur på hostell ved skulen, og desse har 1,5 time fri kvar ettermiddag der dei ikkje må lesa og kan vera ute.
Skulen har ein tennisbane utan nett og racketar, ingen fotballar, men nokre av elevane har med eigne tennisballar dei brukar til å spela fotball med i friminutta. Om me får inn noko vil me i fyrste omgang prioritera å kjøpa inn forskjellige ballar og mål slik at dei kan ta nytte av banen att med skulen. Det er mange ting me kunne ha samla inn pengar til, men me vil sikra at det me får samla inn går til elevane og at dei kan ha det kjekt saman. Me trur på at fysisk aktivitet fører til betra psykisk helse og betra konsentrasjon, og derfor har me valgt dette formålet⚽️🎾 Me set stor pris på alle bidrag, store som små! ❤️🫶🏻
