Oppgradering av instrument og uniformar
I år er Marvik Musikkorps 40 år!
Det syns me er ganske tøft - at me har klart å halde det gåande i 40 år på ein liten stad som Ropeidhalvøya i Suldal:) Det seier vel litt om oss som bur her!
I jubileumsåret har me tenkt å by på oss sjølv, folk skal få merke at me har bursdag.
Den 9.mars inviterer me alle til jubileumskonsert, der gjestene våre skal få servert både korpsmusikk, talar og mat:-)
Me treng å fornye både uniformar og instrument. Dette er kostbare innvesteringar, og me inviterer difor deg til å vera med på ein spleis som ei jubileumsgåve til oss.
Og så håper me at du kjem på jubileumskonserten vår!
Og til slutt; korps er gøy og me har plass alle. Me møtes på tvers av generasjonar, kjønn, livssyn og etnisitet - her har me ingen reservebenk, alle er like viktige.