Støtt Sogndal rugbys dugnad
Sogndal rugby ønsker å nå ut til alle som har en gjemt rugbyspiller i magen, som ikke enda har vist seg fram! Vi vil at våre jenter/gutter, damer/menn, skal få utøve sporten sin, med godt utstyr.
Da trenger vi all den hjelp vi kan få! Vi takker så mye for støtten du gir oss❤️
#rugbyerforalle
Skrevet av Svein Jarle Slinde:
Hjelp Sogndal Rugby ved å kjøpa eit lodd eller ti, alt hjelper til!
Klubben er kun eit år gamal, og det har vore nærmast ei eksplosiv utvikling. Dette krev mykje av sentrale personar, så me andre får hjelpa til litt på sida. Dei/me siktar mot Rugbydagen i Sogndal - Trening og treningskamp og snørugby-NM i Myrkdalen i første omgang, og for å sikre treningstider innandørs trengst da pengar.
Klubben består i mykje studentar og ungdomar, så det er viktigt å få til eit så rimeleg tilbod som mogleg for å halde på folk/trekke til seg nye.
Noko av det klubben har fått til:
✅ 3 klubbar registrert i Norges Rugbyforbund (Sogndal Rugby, Vik IL Rugby og Eldar Rugby ) - ca 100 medlemmar til saman
✅ Fjerdeplass i snørugby NM 2022
✅ Både herre og damelag i snørugby NM 2022
✅ Damelag i norgescup (Rugby 7s)
✅ 8 herrespelar med Bergen Rugbyklubb i Norgesmesterskap rugby union
✅ Jamil Tara spela prøvekamp med Rugby League-landslaget
✅ Henrik JF Holmberg spela med RLN i London 9s
✅ 7 guttar spelar med BRK sitt ungdomslag, og nokre var med dei til England på rugbytur.
✅ 5 gutar trenar med juniorlandslaget
✅ Sandrugbyturnering i Vik
✅ Damelandslagsamling i Vik
✅ Juniorlandslagsamling i Sognahallen
✅ Trenar-og dommar utdanning i Sogndal
✅ Reportasje frå Sogndal i verdas største rugbymagasin, Rugby World Magazine
✅ Mike Pride og Matthew Shaw er nominert til Årets Sogning i Sogn Avis.
