Støtte til nyoppstarta kvinnesenter i Libanon
Om tre veker reiser eg til Libanon for å arbeide ein månad som frivillig ved kvinnesenteret Circle of Wellbeing i Bekaadalen. Senteret er nyoppstarta, og vart grunnlagd i november 2022 av Thea Munkeby frå Noreg. Ho er lærar og yogainstruktør som dei siste to åra har vore busett i Libanon for å drive humanitært arbeid. Senteret vart grunnlagd for å sette fokus på kvinnehelse og gje tilbod til kvinner (og barna deira) i eit spesielt utsett område av Libanon. Bekaadalen har høg tettleik av flyktningar, både syriske og palestinske, der mange lev i djup fattigdom og med uverdige levevilkår. Situasjonen er ytterlegare forverra av den alvorlege økonomiske krisa Libanon er i, og dei nylige jordskjelva i Tyrkia og Syria merktes òg godt i Bekaadalen, som ligg rett ved grensa til Syria.
Kvinnesenteret skal vere ein trygg stad å vere for kvinner uavhengig av deira bakgrunn, religion, seksuelle legning eller tru. Ved senteret vert det gjeve undervisning i yoga og meditasjon, halde støttegrupper med fokus på mental helse, samt kreative grupper med handarbeid og kunst. Som psykolog vil eg vere involvert i å halde psykososiale støttegrupper og undervisning, men òg bistå i anna drift av senteret. Organisasjonen har som mål å vere tett på brukargruppa for å kunne skreddarsy tilbodet etter behova. Under vinterstormane som har herja dei siste vekene har dei til dømes distribuert fyringsolje til oppvarming.
Å vere gravid på flukt er ein ekstra utsatt posisjon. Andelen ufrivillige abortar og fosterskader er særs høg i denne delen av Libanon grunna mangel på nødvendige medisinar og vitaminer, stress og vanskelege bu - og leveforhald. Circle of Wellbeing planlegg eit samarbeid med ein lokal helseorganisasjon for å kartlegge og gje den hjelpa kvinnene treng for eit godt og trygt svangerskap. For 25 000 vil 50 kvinner kunne få ei startpakke med det mest nødvendige som vitaminer, barneklede, bleier, bind og diverse til amming.
I dag er det morsdag og om eit par veker er det den internasjonale kvinnedagen. Har du eit lite eller stort bidrag å avsjå, vil pengane gå direkte til den daglege drifta av kvinnesenteret og konkrete prosjekt som kjem sårbare kvinner til gode!
Arbeidet kan du fylgje på facebooksida til Circle of Wellbeing: https://www.facebook.com/circleofwellbeing1

