Pride i Sogndal! 🌈
Alle pengane som samlast inn går til SoFjo Pride sine markeringar og arrangement. Dei vil nyttast til musikk, scene, bord og telt, regnbogeflagg og marknadsføring som vi treng for å synleggjere at Sogn og Fjordane er for alle.
Hjelp oss lage historia sin fyrste Pride i Sogndal
Vårt formål er å motverke fråflytting og sikre at skeive mennesker lev trygge og gode liv i kommunane i regionen Sogn og Fjordane. I år vil det bli parader, musikk, filmvisning, skeiv kafe, pridepark, politisk debatt og mykje meir for å markere at kommunane våre er til for alle.
Vi ynskjer å ha moglegheita til å skape eit bredt program i fleire kommunar i Sogn og Fjordane. Det klarar vi ikkje utan di støtte.
I år ynskjer vi også å skape ein pridepark for å skape eit samlingspunkt for skeive under vår pridehelg.
Vi utvidar våre markeringar med to parader med parade i Sogndal for fyrste gong.
Parada i Sogndal er 23. september.



