Hjelp! 🎺 Håper du vil støtte spleisen vår. Vi treng fleire instrument og uniformer!
Alle pengane som vert samla inn skal nyttast til innkjøp av instrument og evt. uniformer.
Kvalsvik-Nerlandsøy musikkorps er så heldige å ha 29 musikantar + heile 16 aspirantar! Desse 16 skal ta til i korpset i løpet av hausten 2023 og vi må kjøpe inn fleire instrument.
Vi planlegg også ei oppgradering av uniformene. Dei vi har er både slitne og formlause etter mange år med korrigeringar, i tillegg har vi ikkje uniform til alle.
Både instrument og uniformer er svært kostbare, derfor står korpset no framfor store investeringar.
Alle monner drar, og vi set stor pris på alle bidrag!
