Støtt kyrkjelydshuset med ny oppvaskmaskin og ventilator
Vi er så heldige med eit kyrkjelydhus som er mykje i bruk, både til utleige og eige arbeid. Men nyleg rauk oppvaskmaskina og no også ventilatoren på kjøkkenet. Begge var gamle og nytt måtte kjøpast inn for at kjøkkenet kan brukast. Vil du vere med å Spleise på dette? Alle monner drar og vi må ha alt utstyr i orden i eit forsamlingshus som brukast aktivt og fyllast med lys, lyd og latter gjennom heile veka: Korøvingar for vaksne, Vi-koret og småbarnsong, onsdagsmiddag, speidarane, Tweensklubb, Frivilligsentralen sitt aktivitetsrom, selskap, minnesamver, konsertar, korkafear, osv.
Alle pengane som samlast inn går til å dekke den innkjøpte oppvaskmaskin og nyleg monterte ventilator - som vi handlar lokalt hos ELON.