Ver med og støtt vår spleis for ei betre kampoppleving på Sykkylven Stadion
SIL Fotball har eit ønskje om å betre kampopplevingane ved å få i stand kiosk på same side som tribunen. Dei siste åra har det ikkje vore kiosk her, bortsett frå på enkelte kampar.
Planen er å gå til innkjøp av ei kioskvogn som alle laga kan bruke under kamp, for å kunne tilby kaffi, brus, vaflar, kake og is til foreldre, søsken, besteforeldre, tilreisande og alle andre fotballinteresserte.
Dette er naturlegvis kostbart. Forutan kjøp av sjølve vogna vil det kome kostnader til oppussing og profilering, samt utgifter til nødvendig inventar. Det vil også påløpe utgifter knytt til installasjon av eit nytt el-skap for nødvendig straumtilkopling. Totalbudsjettet er på 150.000 kroner.
Vi håper at Sykkylven IL Fotball sine støttespelarar, tilskodarar, supportarar, med fleire, vil vere med på spleiselaget for å gjere kvar fotballkamp til ei trivelegare oppleving for alle!
Alle bidrag kjem godt med! Tusen takk for støtten!
Vi har mottat ei gledeleg nyheit om at vi har fått innvilga 70.000kr i teftmiddlar frå Sparebanken Møre!