Vil du vere med å bygge klubbhus?
Hugsar du kvar du likte å henge då du var ung? Hadde du ein stad å gå der fleire alltid møtte? Der du kunne vere viss om at du traff jamnaldringar? Kanskje var det heime hjå same kameraten, der alle likte å vere, kanskje var det på kiosken eller videobutikken eller kanskje var du så heldig å ha eit klubbhus? Mange har gode minner om ein samlingsstad, ein stad der ein kjente på samhald, flira og flørta, kanskje tøffa seg litt for dei andre eller endåtil forelska seg.❤️
VTIL ønsker eit klubbhus for Vartdalsstranda. Ein samlingsstad der store og små i alle aldrar kan kjenne seg heime. Ein stad for idretten å samlast, men også for alle andre som har lyst å ha ein stad å gå, for ungdommen å skape nye kjensler og minner, for børs, kafè eller andre tilstelningar.
Skal vi klare det så treng vi deg med på laget!
Det er eit godt stykke igjen, men om mange blir med oss på spleiselaget så klarer vi det!!
Vil du vere med å skape nye minner langs Vartdalsstranda vær med å støtt vår spleis!