Vi i Herøy brann og redning ynskjer at borna i Herøy skal få ein Bjørnis.
Brannbamsen Bjørnis kan vere brannvesenets verktøy for å trøste barn når ulykka er ute. Han kan vere ein god frontfigur i brannvernopplæring retta mot born.
Ein eigen HerøyBjørnis kunne få bu på Brannstasjonen i Fosnavåg og av og til fått overnatte på stasjonen i Myrvåg. HerøyBjørnis kunne vore med når vi besøkjer barnehagane. Dei minste i skulen hadde kanskje sett pris på eit besøk dei og? Bjørnis er glad i arrangement og deltek gjerne på forskjellige tilstelningar han, berre han vert innboden.
Bjørnis kan også vere til støtte.
Branner og ulykker kan vere sterke og traumatiske opplevelsar for born. Difor har Herøy brann og redning ekstra fokus på ivaretakelse av borna der situasjonen tilet det. I dag har dei to brannbilane våre små bjørnisar for utdeling til born som vert involvert i ei hending. Hensikta er å vise omsorg og flytte litt av bornas merksemd vekk frå ei vond oppleving.

