Innsamlingsaksjon til HMM Helsehjelp Ukraina
Fedje Næringsråd inviterer bedrifter, lag, organisasjoner, og enkeltpersonar på Fedje til å støtte HMM Helsehjelp Ukraina sitt utruleg viktige arbeid.
HMM Helsehjelp Ukraina skaffar livsnødvendig og livreddande utstyr til Ukraina uten fordyrande mellomledd. Bistanden går uavkorta til frontlinja i Ukraina. Pengane som blir samla inn via denne spleisen vil gå til medisinsk utstyr, bekledning, køyretøy, mat og anna nødvendig utstyr.
Denne spleisen pågår til utgangen av januar, og me håpar så mange som mogeleg ønskjer å bidra til eit godt formål. Ved spleisens slutt inviterer Fedje kommune til Ukrainsk Aften - eit opent arrangement for alle. Meir informasjon om dette arrangementet kjem.
HMM Helsehjelp Ukraina beskriver formålet på denne måten: Ukrainas befolkning vert utsatt for umenneskelege prøvelsar. Dette er menneske som i starten av fjoråret levde fredelege liv, ganske likt våre. Dei hadde ein velfungerande samfunnsinfrastruktur rundt seg, og det mest basale som helsetenester, mat og varme blei tatt for gitt. Med Russlands militære aggresjon er situasjonen dramatisk endra. Krigshandlinger, bombeangrep, død og fordervelse er daglegdags og sivilbefolkinga lid. Nødetatane, sjukehusa og saniteten i det ukrainske forsvaret manglar viktig og livreddande utstyr. Sett i lys av dette forferdelege bakteppet, stilte Tor Fredrik Müller og Paal Christian Mowinckel seg spørsmålet «Korleis kan me hjelpe?». Veien fra ord til handling blei kort.
Du kan lese meir om HMM Helsehjelp Ukraina her: helsehjelp-ukraina.no