LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Øystein sin 50-års dag: Til forsvar for eit reint hav

Øystein sin 50-års dag: Til forsvar for eit reint hav

Alle pengene som samles inn går til Fjordsøksmålet – for å redde Førdefjorden fra gruvedumping og sikre alle fjorder, elver og vann i Norge sterkere rettslig beskyttelse.

Hei gode folk!

Om ikkje lenge, nærare bestemt den 13. mars, passerer eg eit halvt hundre år! 

Dersom eg er veldig heldig, betyr det at eg om lag er halvvegs i livet – og eg ser fram til å markere åremålsdagen på ein helt spesiell måte. 

Som barn og ungdom brukte eg mykje av tida mi ute i skog, fjell og mark, oftast heilt åleine, noko som gjer at eg alltid har hatt ei djup kjensle for naturen. 

I staden for å gje meg gåver og merksemd, vil eg heller be dykk om å støtte ei sak som ligg nært hjartet mitt, som eg har brukt mykje tid på, og som i si tid nesten sendte meg på Stortinget.  I høve min 50-års dag vil eg be dykk om å donere til Fjordsøksmålet – kampen for ein rein Førdefjord.

Lat oss saman bidra til å beskytte naturen mot grove og meininslause naturinngrep. For å gjere dette ekstra spesielt, vil eg dele ein annan stor lidenskap eg har. 

Dagen eg fyller 50 vil eg være undervegs på ein dykkeekspedisjon, frå Raja Ampat i Papua på Ny Guinea til Ternate på Nord-Molukkene vest i Stillehavet. Saman med ei lita gruppe med andre dykkarar skal vi dykke på noko av dei mest biodiverse stadane i verda, altså den plassen på heile jordkloden det er flest ulike typar fisk, korallar og anna liv på same stad. 

For meg er dette å tre inn i eit levande eventyr! Å utforske undervassverda i Indonesia har eg gjort ved fleire høve før, men ikkje i desse farvatna – så no drar eg det ein del hakk lenger, då vi skal utforske ein del av den uoppdaga undervassverda – eit ekte eventyr til «the last frontier».

Dette er ikkje berre ei oppleving, for meg er det ei form for åndeleg reise – om lag ei religiøs oppleving, der eg blir eitt med undervassverda. Naturen er så utruleg vakker og mangfaldig, og det er ei påminning om kor viktig det er å bevare og verne om våre økosystem.

Så kjære venner, om de har lyst til å være ein del av denne feiringa, bidra med ein donasjon til Fjordsøksmålet!

Å dumpe hundrevis av millionar tonn kjemikalieblanda gruveavfall i Førdefjorden – ein av dei mest artsrike fjordane vi har, er gammaldags tankegang som vi veit er feil. Lat os saman gjere ein skilnad og feire livet og naturen på ein meiningsfull måte!

Turen kan du følgje her på Facebook og på Facebook Story. 

Avreise er 29. februar og eg vil poste når eg har kontakt med omverda. 

Øystein sin 50-års dag: Til forsvar for eit reint hav

7 900 kroner innsamlet

19 givere
Avsluttet 13.03.2024
Øystein Djupvik sitt profilbilde
Verifisert
Øystein Djupvik
står bak spleisen
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Øystein Djupvik er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×