Spleiselag Åsen troll- og aktivitetspark
Vil du vere med å spleise?
Trimgruppa har inngått samarbeid med Brattvåg barneskule og Brattvåg barnehage for å gjere Åsen, mellom vasstårnet og Fjellbu, til eit attraktivt og spennandes tur- og aktivitetsområde for barn, familiar og personar som vil drive lågterskelaktivitet i naturen.
I tillegg til å oppgradere råsa, vil vi dekorere området med troll, figurar og aktivitesskapande apparat som balansestokkar, taubaner, bjelkebru og anna.
Det har alt kome opp ein gapahuk, og ein grill-/bålplass i tilknyting til denne er under planlegging. Det er også bygd fleire bruer for å gjere området tørrare og finare å gå i.
Gir du eit bidrag i spleiselaget vårt hjelper du oss å utvikle Brattvåg sitt bygdefjell til å bli ein stad der bygdefolket kan møtast, gå på jakt etter rare ting, eller kan utfalde seg med aktivitet i naturskjønne omgivnadar.
Pengane som kjem inn vil gå til å utvikle området.


