LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Kampen mot formuesskatt på arbeidande kapital

Kampen mot formuesskatt på arbeidande kapital

KAMPEN FOR Å FÅ KJENT FORMUESSKATTEN UGYLDIG: Dei innsamla pengane går til juridisk bistand til advokatane Mads Andenæs og Carl Baudenbacher for den samanliknande studien og det å føre rettssaka for tingretten.

FOLKEAKSJONEN

STØTT KAMPEN MOT FORMUESSKATT PÅ ARBEIDANDE KAPITAL

  • Ein kamp mot statleg beslaglegging av kapital frå norskeigd næringsliv
  • Ein skatt som favoriserer utanlandske interesser, og svekkjer norsk eigarskap
  • Som blir innkravd uavhengig av overskot eller underskot
  • Som rammar dei små og mellomstore bedriftene ekstra hardt


VI ER AVHENGIG AV DEG FOR Å LYKKAST

Det er Lars Oscar Øvstegård som er frontfigur og saksøker staten for å få kjent skatten ugyldig. Han tek no “ein for laget”, men dette er ein kamp som vil kome heile det norskeigde næringsliv til gode.  

Vi som står bak (sjå kontaktinformasjon nedst) er små næringsdrivande, slik som dei fleste næringsdrivande, og vi er avhengige av ei brei oppslutning for å kunne følgje denne saka heilt til mål.  

Derfor har vi oppretta ein Spleis slik at alle kan bidra, enten det er smått eller stort.  

Del gjerne link til både spleisen (spleis.no/skatt24) og facebook-sida.

Du kan sjølv velje om du vil vere offentleg eller anonym givar. Dette gjeld uansett beløp. 

På førehand takk for både deling og bidrag. 

Følg oss på facebook: Kampen mot formuesskatt på arbeidande kapital

DET BLIR RETTSSAK!

Initiativtakar Lars Oscar Øvstegård vil no gå rettens veg ved å stemne Staten for å avklare om den norske formuesskatten bryt med menneskerettane og grunnlova.

Han er sjølv eigar og drivar av O Øvstegård AS og har kjent på kroppen kor hardt formuesskatten på arbeidande kapital rammar, uavhengig av underskot eller overskot i bedrifta.

Som norsk eigar av ei lokal bedrift må Øvstegård ta ut ekstra lønn eller utbytte for å betale formuesskatt på bedrifta sin verdi. Dette reduserer kapitalen i selskapet.

Fordi formuen inkluderer verdiar bunde i næringseigedom, lager, maskiner, aksjar mv, rammar denne skatten både mindre og større norske bedrifter. Skatten kan også bli høgare enn bedrifta si inntening.

Om same bedrift blir eigd frå utlandet, er det ikkje behov for å tappe bedrifta for kapital. Utanlandske eigarar må nemleg ikkje betale formuesskatt på å eige bedrifter. Det må heller ikkje statseigde bedrifter.

Dette er konkurransevridande og diskriminerande. På denne måten undergrev dagens regelverk norsk eigarskap. Dette fører til sal av norske bedrifter til utlandet, og utflytting av norske bedriftseigarar med kapital og kompetanse.

Lars Oscar har lenge jobba med saka saman med mange dyktige personar, og meiner no at ein har eit godt grunnlag for å køyre saka inn for retten.

Ved å løfte opp denne skattesaka tek Øvstegård kampen på vegne av alle dei små og mellomstore bedrifter som kjempar ein dagleg kamp mot ein urettferdig og totalt feil rigga skatt som undergrev berekrafta i norske bedrifter.

Lars Oscar Øvstegård vil saman med  samarbeidspartnarar starte ei innsamling av pengar for å kunne ta saka inn i rettssystemet for å få kjent formuesskatten på arbeidande kapital ulovleg.

MENNESKERETTSADVOKAT ANDENÆS TEK JOBBEN

Advokatane Carl Baudenbacher, lengstsittande president i EFTA-domstolen og den kjende jusprofessoren ved Universitetet i Oslo, dr. Mads Andenæs vil føre saka.

Mads Andenæs seier at denne saka dreiar seg om grunnleggande prinsipp; særleg om likskap og at næringsdrivande ikkje skal straffast på ein måte som rammar ulikt. Vi ser no skadeverknadene av formuesskatten på både muligheit for vidare lokale investeringar, nyskaping og konkurranseevne mot utanlandske investorar.

Andenæs og Baudenbacher skriv no på den samanliknande studien der det blir sett på samspelet mellom formuesskatt og andre skattar i utvalde land. Dette vil bli eit viktig dokument for alle som er opptatt av fakta og korleis landa rundt oss praktiserer skattlegging av næringslivet. Dette vil vere ekstra viktig for alle som vil bli kvitt den særnorske formuesskatten på å eige bedrifter. Som ein politikar sa til oss: Dette blir ein "game changer" i det offentlege ordskiftet.

Det vidare arbeidet til advokatane vil handle om Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen med Den europeiske menneskerettsdomstolens praksis, samt EU/EØS-retten. Men det heile kokar ned til prinsipp om likskap og rettferd. Og dette er store prinsipp.

Andenæs og Baudenbacher synest at dette er ei spesielt interessant sak, ikkje minst fordi saksøkar er ei lita bedrift der eigarane ikkje kan reise frå landet. For dei minste bedriftene er vegen med å selje aksjar i praksis stengt og lån for å betale skatt er heller ikkje tilgjengeleg for dei fleste. Derfor er det eksistensielt for Øvstegård at vi vinn fram i saka, uttaler Mads Andenæs.

Vi ser for oss å sende ei stemning til tingretten sommaren 2024. Deretter har tingretten seks månader på seg til å tidfeste saka.

INVITERER NÆRINGSLIVET MED PÅ SPLEIS

Det å få sin borgarrett i kamp mot staten er kostbart, og det er ikkje mogleg for ein liten næringsdrivande å bere denne børa åleine. Lars Oscar Øvstegård må sjølv låne pengane som skal brukast til rettssaka.

Vi startar derfor ein Spleis og inviterer alle bedrifter til å bidra. På den måten kan vi drage lasset i lag. I tillegg vil vi også invitere enkeltpersonar og organisasjonar til å støtte den gode saka. Alle bidrag, store som små, er velkomne for å finansiere kampen for eit norskeigd næringsliv.

For oss er det viktig å vise breidda i kampen som vi no fører. Og då treng vi å få med støtte frå små og mellomstore bedrifter, slik som både O Øvstegård AS, Spilka Industrier AS og Reknehuset AS.

For dette er ingen milliardærdebatt. For kven er det som blir hardast ramma? Jau, det er dei små og mellomstore bedriftene i Noreg. Det er sjølve underskogen i norsk næringsliv. Vi som representerer over 98 prosent av norsk næringsliv. Og ekstra hardt blir distrikta ramma, der kapitaltilgangen er vanskelegare enn i sentrale strøk.

Det er viktig å vise at no må heile Noreg stå opp og kjempe for denne uretten som formuesskatt på arbeidande kapital er.

Spleisen for folkeaksjonen blir registrert gjennom Sparebank 1 SMN og du kan sjølv velje om du i stå fram som givar eller om du vil vere anonym.

Det økonomiske ansvaret for spleisen har Geir Høydalsvik, dagleg leiar i Reknehuset AS (godkjent rekneskapsselskap). Pengane blir innbetalt til ein eigen klientkonto hos Reknehuset AS og utbetalingar vil berre skje som skildra i formålet.

Kor mykje pengar treng vi for å få ein dom i tingretten? Vi har fått ein svært god avtale med Baudenbacher og Andenæs og prisen for å få ein dom i tingretten er 1,9 millionar kroner. Hittil har vi samla inn 1 million kroner, så vi er allereie over halvvegs.

Dei innsamla pengane går til juridisk bistand med den samanliknande studien og det å føre rettssaka for tingretten.

Skulle det bli innsamla for mykje pengar vil desse i første omgang gå til å betale statens sakskostnader (normalt moderate) ved eit eventuelt tap og også ei vurdering om å ta saka vidare til neste rettsinstans. Vi er høgst motiverte til å ta denne saka heile vegen, om enn til Strasbourg, for å oppnå rettferd.

Skulle det bli pengar til overs etter at målet er nådd, vil resten bli overført til organisasjonar som jobbar med kompetanse, kursverksemd og kunnskapsformidling om norsk næringspolitikk og rammevilkår for næringslivet.

Dersom nokon ynskjer å ønskjer å gi større økonomiske bidrag eller bidra direkte i arbeidet med den samanliknande studien, så kan dette ordnast direkte til advokatfirmaet til Carl Baudenbacher og Mads Andenæs. Ta i så fall kontakt med ein av kontaktpersonane under.

Bidrag til folkeaksjonen mot formuesskatt på arbeidande kapital kan bokførast som kostnad i rekneskapen til givande selskap. Merk at bidraget ikkje gir skattemessig frådrag.

TID FOR HANDLING!

I mange år har vi kjempa for å få politikarane til å forstå kor øydeleggande formuesskatt på arbeidande kapital er for norskeigd næringsliv.

No må vi innsjå at tida er over for prat. No er tida inne for handling!

Og då trur vi at det rette er å få løfta denne saka over i rettssystemet.

Der kan vi få dei beste advokatane til å vise kva denne saka faktisk handlar om:

  • Reglar som er diskriminerande overfor eigne borgarar.
  • Reglar som strir mot grunnleggande rettsprinsipp.

Når noko strir mot sunn fornuft, og vi veit at alle andre land vi konkurrerer mot har fjerna skatten, ja då veit vi at dette er ei sak som det er verdt å kjempe for.

Følg arbeidet vårt vidare på facebook-sida vår: Kampen mot formuesskatt på arbeidande kapital

KONTAKTPERSONAR:

Kampen mot formuesskatt på arbeidande kapital

887 750 kroner innsamlet

240 givere
8 dager igjen
112% av 790 000 kr
REKNEHUSET AS mottar pengene
Lars Oscar Fossen Øvstegård sitt profilbilde
Verifisert
Lars Oscar Fossen Øvstegård
står bak spleisen
Denne knappen åpner en modal med delingsknapper, hvorav den første heter «Del på Facebook».
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Lars Oscar Fossen Øvstegård er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×