LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Prosjekt julelys i Brandal

Prosjekt julelys i Brandal

Brandal Vel ønskjer å sette i gang eit utradisjonelt julelysprosjekt i Brandal som er tufta på historia og identiteten til bygda.

Eit prosjekt med utradisjonell vri 

Dei seinare åra har det kome opp mange julelysprosjekt i fjellsidene i ulike bygder rundt om på Sunnmøre. Det er nærast ikkje ei bygd igjen som ikkje har ei stjerne som lyser gjennom den mørkaste tida på året. I Brandal ønskjer vi derimot å gjere dette med ein liten vri. Ei dugnadsgruppe har jobba med ein plan for ein lysformasjon eit godt stykke oppe i sida mot Saudebønakken, men kva dette er, vil vere ukjent fram til avdukinga. 

Gruppa har allereie teikningane og planane klare, men ønskjer at det skal vere ei overrasking som blir avduka første søndagen i advent i år, under den tradisjonelle julelystenninga i bygda. 

Prosjektgruppa har allereie gjort avtale med privat grunneigar om bruk av grunn og tilgang til straum. Formalitetane er derfor på plass og det gjenstår berre å sikre finansiering før ein kan starte bygginga. Vi inviterer no bedrifter og privatfolk til å vere med på prosjektet. 

Pengane vi får inn vil i si heilheit gå til å dekkje utstyr og materiell som må kjøpast inn til prosjektet. Alt arbeid er gjort på dugnad og det er berekna rundt 650 dugnadstimar på dette prosjektet.

Vi har allereie fått vel 50.000 i støtte frå lokalt næringsliv og kjem til å jobbe vidare med å få inn meir frå bankar og fleire bedrifter. 

Identitetsbygging, engasjement og folkehelse 

Dette prosjektet vil vere til glede for alle som bur i Brandal, samt alle som besøkjer bygda eller reiser forbi sjøvegen. Vi trur prosjektet vil skape mykje merksemd også utanfor bygda, ved at vi vel å tenkje utradisjonelt. Sjølve lokasjonen for prosjektet ligg ikkje langt frå den allereie merka råsa til Saudebønakken. Med litt innsats i å lage til ein sti bort til lysinstallasjonen, kan dette også bli eit flott turmål med meining. Lysformasjonen med Storfjorden og Sunnmørsalpane i bakgrunnen vil sette ei fin ramme på eit turmål. Frå tidlegare erfaringar ser vi at slike samarbeidsprosjekt også verkar samlande og engasjerande både på små og store. Dugnadsgjengen består av unge vaksne med driv og lyst til å skape noko i lag. Dette smittar over på dei rundt og ikkje minst dei unge. Vi ønskjer å dra flest mogleg med i arbeidet rundt bygging og tenkjer det er mange oppgåver her som også kan passe barn og ungdom. 

Symbolikken i prosjektet som er tufta på ei sterk historie, vil vere med på å bygge identiteten til bygda. I lys av fråflyttingsutfordringane i dei fleste distriktssamfunn i dag, ser vi på dette med identitetsbygging som avgjerande for å halde på innbyggjarane og få unge til å flytte tilbake. Vi ønskjer med dette prosjektet å bidra til å forsterke identitetskjensle til ishavsbygda Brandal. 

Vi håpar med dette at de ønskjer å bidra til å realisere dette prosjektet og vi ser fram til å høyre frå dykk. 

Mvh Styret i Brandal Velforeining

Prosjekt julelys i Brandal

12 900 kroner innsamlet

40 givere
Avsluttet 14.04.2024
64% av 20 000 kr
BRANDAL VELFOREINING sitt profilbilde
BRANDAL VELFOREINING mottar pengene
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
BRANDAL VELFOREINING er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×