Ny hjartestartar på Lauvstad
Hjartestartaren som har vore lokalisert i det gamle Røde-kors lageret på Vesttun på Lauvstad har blitt 25 år gammal. Det er no ikkje lenger mulig å få reservedelar til denne. Det må derfor kjøpast ny hjartestartar.
Ny hjartestartar er planlagt montert utendørs i området ved Coop Marked Lauvstad, for enklare tilgong om nokon skulle ha bruk for den.
Til dette håpar me på god støtte frå bygdefolket og næringsdrivande. Ein veit aldri kva tid eller kven som for bruk for ein hjartestartar.
Vestsida IL vil stå som eigar av den nye hjartestartaren, og den vil bli registrert i hjartestartarregisteret.
Eventuell overskytande beløp frå Spleis vil gå til årleg vedlikehald av hjartestartaren.