Takk til skulekorpset og årleg 17. mai-stemning!
Vigra og Valderøy Skulekorps har medlemmer i alderen 8-19 år. I samarbeid med kulturskulen og profesjonelle instruktørar, gir vi opplæring i drill og instrument frå 2. klasse og heilt ut vidaregåande skule. Vi er glade for å bli invitert ut for å spele for folket både i kommunen og utanfor, og vi håper at folket også set pris på å sjå og høyre oss! Vi takkar for alle bidrag slik at vi kan halde fram med å gi barn og unge eit tilbod, og vi har i dag medlemmer både frå Vigra, Valderøya og Giske. På førehand - tusen takk!