Nytt skihus og skiheis på Storhaugen!
Vil DU vere med å hjelpe Lom Idrettslag med å realisere det viktigaste tiltaket for barn og unge i Lom og omegn på mange mange år??
Heisen og varmebua på Storhaugen er totalt utdatert og utslitt. Heisen er vanskeleg og tung å bruke. Vi har nå fått ei sjanse til å kunne få satt opp nytt skitrekk, som vil gjere Storhaugen til ein enda betre arena for alle dei som vil lære seg stå på ski, dei som allereide kan stå på ski og for dei som vil leike seg på ski.
Klarer oss å få finansiert heisen vi har plan om, vil det vere slutt på såre armer og bein pga tautrekket som står der i dag, det vil vere slutt på at unger ikkje får prøvd seg på ski fordi heisen er vanskeleg, eller til og med skremmande for enkelte. Ny skålheis vil gjere at absolutt ALLE kan komme på Storhaugen for å kose seg med snø og ski.
Saman med nytt skihus, vil ny skiheis gjere Storhaugen til ein stad der alle som ynskjer skal kunne komme å lære seg kjøre på ski, utvikle seg på ski og ville ta med ungane til.
For å få til dette, treng vi hjelp av dykk alle!

