Løp for psykisk helse 2024
Løp for Psykisk Helse 2024
I år som i fjor er planen å ha psykisk helse som tema i forbindelse med at eg skal jogge 7 km kvar time i femten timar. Det er mykje stigmatisering rundt psykisk helse. Mitt fokus er å vise kor viktig openheit er. Vi har alle ei psykisk helse å ta vare på. Eg sjølv har/hatt utfordringar med min psykiske helse. I det store og det heile fungerer eg fint, som ein heilt vanleg mann. Eg har levd med min utfording så lenge eg kan hugse, og har strategiar som gjere at eg fungerer godt i kvardagen. Eg sitter med ei kjensle at tema er ofte skambelagt, og at det er vanskeleg å snakke psykisk helse. Trur det er spesielt vanskeleg for menn å snakke om dette.
Eg tok eit val for ca. 3 år sida å snakke om min problematikk. Erfaringar har vore og er fortsatt positive. Eg opplever at min openheit gjere at andre blir opne om sin psykiske helse. Dei har gjerne ei historie sjølv å fortelje.
18.mai arrangerer eg eit løp for psykisk helse. Eg skal jogge 7 km kvar time frå klokka 06:00 til og med klokka 20:00. Dette blir totalt 105 km. I fjor og forfjor gikk pengane eg samla inn til Ungdomsklubben i Måløy. Dette gav meirsmak. Derfor vil pengane som blir samla inn i år, gå til arbeid med ungdom i lokalmiljøet i Kinn Kommune.