Prosjektbilde for Bokprosjektet "Lobotomert"

Oppdateringer

  1. Mild påminning om at spleisen stenger 3. april

    21. mars 2025 13:35

    Her er nokre av dei som får ei rolle i boka:

    Frå venstre den portugisiske nevrologen Egaz Moniz (1874–1955) som fekk Nobelprisen i medisin i 1949, for å introdusera lobotomi-metoden. Altså bora hol i hovudet og rota rundt i hjernemassen på menneske som var psykisk sjuke, eller som hadde ein fobi, var aggressive, "urokråker" eller rett og slett deprimerte. Spesielt kvinner var dei fyrste som vart utsett for denne nye og revolusjonerande metoden.

    Den amerikanske psykiateren og nevrologen Walter Freeman (1895–1972) effektiviserte metoden frå å vera ein tid- og ressurskrevjande operasjon til eit kjapt inngrep - gjennom augehola. Han fann den fyrste ispikka i sin eigen kjøkendisk. Guten med sylen i augo er amerikanske Howard Dully (f. 1948–11.02.2025) Lobotomert nokre dagar før han fylte 12 år. Han har skrive bok om livet før og etter lobotomeringa.

    Lobotomistane på Vestlandet likte godt denne mest effektive metoden, som gjorde at dei kunne lobotomera langt fleire pasientar på ein føremiddag, i staden for nokre fåe når det gjorde krav på eit heilt operasjonsteam.

    Deretter er det dei mest kjende lobotomerte, Rosemary Kennedy (1918–2005) og Ellinor Hamsun (1916–1987). Begge kvinnene vart fullstendig øydelagde etter lobotomeringane, og levde resten av livet på institusjon.

    Men det var heldigvis nokre modige og sterke fagfolk som stod opp mot det media køyrde fram som «mirakelkuren» som skulle hjelpa på dei altfor overfylte psykiatriske institusjonane. Psykiater Johan Bremer (1908–1993) med far frå Hafslo, tillet ikkje at pasientane på Gaustad kvinneavdeling vart utsett for denne barbariske metoden.

    Dette er nokre av dei som dukkar opp i boka. Lobotomistar, fagfolk som stod i mot, lobotomerte og pårørande skal bli løfta fram. "Det er på tide", er det fleire som har sagt til meg. Denne perioden med lobotomering, 1941 – 1974, blir rekna som ein skamplett i psykiatrihistoria. (Illustrasjon: meg sjølv, dvs Oddrun Midtbø)

    ..................

    Eg har ikkje vore flink med å oppdatera de som heiar på dette bokprosjektet. Det skal det bli ei endring på no, no som eg har fått store deler av teksten på plass. Eg skal dela ulike drypp av innhaldet utover våren og sommaren.

    No gjeld det å få dei siste tekstbitane på plass, FØR eg sender heile manuset til redaktør og testlesarar, ikkje berre korte utdrag. Deretter blir det ein runde med språkvask og korrektur før designer får heile pakka rett etter sommaren. Eg satsar på lansering i oktober 2025.

    I tida fram til dess skal eg teikna, finpussa på manuset, i tillegg til å hanka inn meir pengar for å betala utgiftene. Det skal eg gjera ved å selja så mange bøker som mogeleg på førehand, slik at eg veit nokolunde kor mange eksemplar eg skal trykka opp. Det er ikkje økonomisk å trykka tre opplag på fire månader - som eg gjorde med Harastølenboka. Sjølvsagt er det flott at mange ville ha boka, men det desidert smartaste økonomisk er å trykka opp mange nok i fyrste omgang. Ein lærer så lenge ein lever;-)

    Eg har bestemt at boka skal trykkast i Noreg. Ikkje berre fordi det er eit trykkeri som er dyktige på det dei driv på med, men òg fordi det er eit poeng å støtta næringslivet i vårt eige land.

    Med denne meldinga takkar eg de som støttar bokprosjektet, og ønskjer alle ei fin helg.

    Del gjerne Spleisen slik at han får eit ekstra gir inn i innspurten :-)

Bokprosjektet "Lobotomert"

21 000 kroner innsamlet

42 givere
Avsluttet 03.04.2025
42% av 50 000 kr
Oddrun Midtbø sitt profilbilde
Verifisert
Oddrun Midtbø mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. 13 ga anonymt
  2. Trine Lise Andersen
    Lykke til med innsamlingen Oddrun😘
  3. 2 ga anonymt
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Oddrun Midtbø er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×