Joggedag til inntekt for skulebygging i Bukavu, DR Kongo
Alt som vert samla inn i samband med "Joggedagen" på Seim skule, går til utbygging og innreiing av klasserom på venskapsskulen EP Mulambula - Urafiki sitt hovudprosjekt i 2023 - 2025.
Urafiki er ein ideell, uavhengig organisasjon som bidreg til skulebygging og skuleutvikling i Bukavu, DR Kongo. Ecole Primaire (EP) Mulambula er Urafiki sitt hovudprosjekt i 2023-2025. Skulen er Seim skule sin venskapsskule. Seim skule og EP Mulambula har tett kontakt gjennom utveksling av tekstar, bilete, samtalar på WhatsApp og innsamlingsaksjonar (joggeløp, julemarknad mm). Arbeidet mellom venskapsskulane skal bidra til auka kunnskap og forståing, kulturutveksling og venskapsutvikling. Fire nye klasserom er under utbygging no og målet er at desse skal stå ferdig bygd og innreidd i løpet av vinter/vår 2024/25.