Hjelp Sawab å bli i Norge
Sawab kom til Noreg som 14-åring i 2015 og hadde mange draumar om framtida. På mottaket fekk han råd om å oppgje at han kom frå Afghanistan, noko som skulle gjera prosessen lettare. Som ung og uvitande om dei langsiktige konsekvensane, følgde han rådet. No, ni år seinare, blir dette rekna som ei feilopplysning som har føre til at han vert utvist frå landet.
Nyleg bestod Sawab fagbrevet sitt og har fått tilbod om fast jobb her på Voss. Trass i dette må han forlate landet, noko som skaper stor uro blant dei som kjenner han. Sawab har jobba hardt for å integrera seg i det norske samfunnet og bidreg til fellesskapet både gjennom utdanning og arbeid.