Hopp til hovedinnhold

Nyeste oppdatering

«Veldig kjekt å sjå så mange som vil støtta Sauekrambua!»

Pusse opp Sauekrambua

Alle pengane går til Sauekrambua.

Sagvåg Bygdalag kjøpte Sauekrambua vinteren 2023 av Sagvågen Kystlag. Me trong ein stad å halde aktivitetane våre, slik som Spøt og Drøs, kursing og møteverksemd. Me har pussa opp Sauekrambua i frå sluttinga av 2023 og heile 2024. Me har fått kjempegod hjelp frå våre medlem, slik at me har fått mykje bra kvalitet på arbeidet til kjempebra pris! Derimot er det nokre kostnadar som er høge, til tross for mykje sponsing frå gode bedrifter! 

Me opprettar dermed ein spleis for at me kan betale dei siste rekningane som me veit kjem vår veg rett rundt hjørna. Rekningane me veit om, som me slit med å betale akkurat no er på 24 000 kroner for kjøken, og rundt 40 000 kroner for elektrikar. Me prøver så godt som me kan å senda ut søknadar til midlar frå ulike fond og stader, men slikt tar tid. Mykje har me fått midlar til, men har litt igjen før me er i mål med første etasje! Me blir glade for kvar og ein donasjon, uansett kva sum! 

Neste mål er å pussa opp andre etasje. Men det får skje på sikt. Me gler oss til å ta i bruk første etasje, og til å leige den ut! Allereie har me fått førespurnadar om å leige huset til selskaper og kursing!

Medlem av Sagvåg Bygdalag får medlemspris for leige av Sauekrambua. Er du ikkje medlem enda, men vil det? Vipps 200kr per husstand til 547450 eller send til kontonummer 3520.54.39941.

I 2024 har me vaska, pussa og malt stolane. 

Maling skjer. Her ser ein også kva farge på veggane som var før. 

Nydelege stolar! Dei manglar no berre sitteputer. 

Me måtte jekka opp huset og sette opp støtte då gulvet haldt på å sige. Bildet tatt desember 2023

Her ser ein korleis kjøkenet såg ut før, med eit stort skap som var langs resten av veggen. 

Riving av skapet og kjøkenet har skjedd. På bildet ser ein at stendere er komen opp, slik at det kan isolerast mellom panel og eksisterande vegg. Bildet tatt januar 2024. 

Her ser ein isolasjon, stendere og panel. Bildet tatt desember 2023. 

Isolering ferdig på kjøken. Her førebur ein til det elektriske arbeidet. 

Panelet er komen opp, med ein flott farge! Bildet er tatt januar 2024. 

Hugsar de korleis kjøkenet såg ut før? To meter, elles høgskap resten av veggen. Her ser ein det nye, flotte kjøkenet som me har fått til kjempegod pris hos Valvatne Bygg AS! 

Den øya som ein kan sjå på bildet, er originalt meint til å vera inntil ein vegg. Derimot hadde ein medlem ein forrykande idé å sette denne oppå hjul, slik at me kan forflytte den inntil ein vegg eller lenger ut, slik at me kan bruke den som øy!

Nokon av dykk som har vore i Sauekrambua før lurar kanskje på kvifor ein har satt opp ein vegg der bordet i bildet er. Der inne var det før ein sittebenk, men det lek ned frå trappa. Det er eit prosjekt me må ta hand om, men akkurat no valde me å sette opp ein vegg, og ta det nødvendige prosjektet litt seinare. 

Bildet tatt oktober 2024. 

Sjå så fint det blei med nymalte stolar og vegg! Og ikkje minst gulvet! Bildet tatt oktober 2024. 

Isolering til det nye WC-rommet med vask. Bildet tatt januar 2024. 

Før var inngangen til badet gjennom rommet til høgre på bildet, og det var ikkje opent til rommet til venstre i bildet. For å sikre at rommet blei universelt utforma, valde me å endre inngangen. 

Me har ikkje bilder av korleis det gamle badet såg ut, men det hadde ikkje blitt gjort noko med sidan 70-talet. Dette badet her, derimot! Dette badet er heilt nytt i 2024!

Luking har blitt gjort og planting av blomar som har blitt sponsa!

Pusse opp Sauekrambua

28 600 kroner innsamlet

23 givere
Avsluttet 04.12.2024
71% av 40 000 kr
SAGVÅG BYGDALAG mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. Anonym
    1 giver ga anonymt
  2. Anita Geirunn Koppang
    støttet
  3. Anonym
    1 giver ga anonymt
Vis all aktivitet

Hjelp SAGVÅG BYGDALAG å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
SAGVÅG BYGDALAG er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×