Alle skal få ha eit varmt hjerte i jula❤️ #NåSpringesJulenInn
Det er inga hemmeligheit at jula er den kanskje mest kontrastfylte måneden som fins i løpet av kalenderåret. For mange er den eit suverent høgdepunkt. For andre, kan jula skape- eller forsterke stress, sorg, einsomheit, følelsar av at man ikkje strekker til, eller økonomiske hinder som er vanskelige å gjere noko med på eigenhand.
Eg er ein av dei som alltid har følt at jula er magisk.🎄Men det er ikkje ein følelse eg vil halde kun for meg sjølv, og det vil ingen av oss som elsker jula, heller. ALLE fortjener å ha eit godt forhold til jula, og det er aldri for seint for at dårlige minner om jula, kan endrast til uforgløymelege øyeblikk som ein aldri ville ha vore foruten.
Men forskjellen mellom at jula for nokon består av desse vanskelige følelsane, eller at den heller består av desse uforgløymelege fine stundane, kan det av og til vere eg og du, som kan vere med på å bestemme.🎄❤️
"Hjartevarme" er ei ordning som har holdt på i Ulstein Kommune no i årevis, og det har derfor i mange "Desember-ar" på rad blitt delt ut matkasser og/eller gåver til fleire hundre barn og vaksne, som har trengt hjelp i ei ekstra utfordrande tid❤️ Alt som samlast inn i denne spleisen går rett til Hjartevarme, og derfor, rett til å påverke folks jul positivt!
Kvar matkasse har ein verdi på mellom 2000 og 2500 kroner, og kombinerer ein det med nok eit tøft år for norsk økonomi, og ei hittil årleg auke i behov for matkasser, så er det ikkje tvil om at behovet blir stort, også i år. Men sammen kan vi sørge for at behovet på ingen måte skal vere for stort. For INGEN skal føle seg som ei byrde fordi dei treng støtte❤️
For å rette oppmerksomheit mot spleisen, skal eg i desember ha ein litt annleis julekalender enn dei som vanligvis består av sjokolade eller haribo. Eg skal daglig dele "luker" i mine sosiale medier, der eg vil ha fokus på to ting:
Det eine er at eg skal prøve å springe tilsvarande dagens dato i km, kvar dag frå den 1. til 24. desember🏃♂️(blant anna med ei BLYTUNG siste veke med 147km totalt, om eg kjem meg til den😂).
Det andre er at eg kvar dag vil gjere gode gjerningar for andre, som skiller seg frå "kvardagslege gode gjerningar". Det blir med andre ord ikkje dokumentering av å ta ut av oppvaskmaskina, men akkurat kva eg skal gjere, må dokke følgje med for å finne ut🥰
Til slutt kan det være verdt å nevne at eg har bestemt meg for at eg skal bidra med å matche 1/4 av det endelige beløpet som vi klarer å innsamle i denne spleisen, med ei personlig øvrig grense på ein donasjon på 25 000 kroner❤️ Det høyres kanskje veldig ambisiøst ut, og kor mykje vi klarer å innsamle er naturligvis svært uforutsigbart, men ein ting er sikkert- kvar krone teller, og du som donerer er med på å gjere ein utrulig fin og viktig forskjell, som kan skape uvurderlige minner for dei det gjeld. Det trur eg er det viktigste å huske på.
La oss alle gjere dette her til ei så nydeleg jul som mulig, for så mange som mulig. Fordi alle fortjener å ha eit varmt hjerte i jula❤️ LETS GO.
Mattias.