Spillhuset i Bergen er konkurs. Støtt spillkultur i Arna og Åsane!
Spillhuset i Bergen er konkurs og det gjer det no endå viktigare å støtta opp under dei som jobbar hardt for å gje barn og unge eit variert fritidstilbod i alle bydelar.
I Arna og Åsane har me allereie ein organisasjon, kalla Spillkultur, med flinke folk som brenn for akkurat dette. For å halde på dette og utvida tilbodet til andre bydelar er dei avhengige av midlar utanfrå.
Bergen Kommune har kutta kraftig ned på støtte til kulturen i byen og difor er det utruleg viktig at dei som ser viktigheten av og har midlar til det støttar opp under dei tilboda som finst så godt dei kan. Alle monnar drar.
I sommar fekk me i Ytre Arna ein spillfestival som var heilt gratis. Den var drive av Spillkultur. Barn og unge fekk her eit heilt unikt tilbod om ei rekke varierte aktivitetar. Dei hadde blant anna aldersinndelte D&D grupper, laiv, cosplayworkshops, miniatyrmaling og gaming. Alle desse var drivne fram av flinke og erfarne ledarar.
Spre ordet og bidra om du kan!
Litt om Spillkultur:
Vi i Spillkultur jobber nå hardt med å få gjennreist kulturen her i byen - i første omgang i Arna/Åsane, og så spre seg til de andre bydelene (og så må vi jo nå ha ambisjoner om å få opp et nytt kulturhus i sentrum)
Vår modell er lønnede ungdommer (alle under 26 *skal* ha betalt for kompetansen sin 💪), men vi tar imot frivillig innsats for voksne (med en idé om kunnskapsoverføring fra ungdommen til de voksne).
Vi et uansett en voksende gjeng som brenner for dette - kulturen og de sosiale arenaene for barn som ikke syns idretten er så stas skal vokse og blomstre igjen!
Sitat: Kenneth Flage (Spillkultur)