Prosjekt Grillhytte ved Oppstryn skule og barnehage
I fjor haust ytra personalet i barnehagen ønske om ei grillhytte på barnehage og skulen sitt ute området. Grillhytta vil gje små og store ved skulen, SFO og barnehagen ein ekstra stad å vere. Både ved undervisning, matlaging og leik. Grillhytta vil også være eit godt supplement for å dele dei yngste og eldste i barnehagen. Spesielt om vinteren vil Grillhytta vere god å ha til å varme seg, ete lunsj og gjere andre aktivitetar, før ein går ut att og leikar vidare. Dette vil sjølvsagt gjelde heile året.
I tillegg til vil Grillhytta kunne gje forskjellege lokale arrangement ein ekstra plass til å ha aktivitetar. Utvikling av området rundt Oppstryn skule og barnehage vil auke trivselen i bygda, skape aktivitet og gjere folk stolte av det vi har her.
Skulen er hjarte i bygda vår, og er ein stor samlingplass både for oss som bur her og for folk som er på gjennomreise. Her finn vi den einaste leikeplassen i bygda, her er ballbinge og idrettsarena.
Arbeidet med å samle inn pengar til Grillhytta starta ved nytt år, og vi har hatt fantastisk god hjelp frå lokalbefolkninga og bedrifter. Til no har vi totalt klart å få inn 75.000 kr. Målet vårt totalt er å få inn 170.000 kr, so no håpar vi at nokon har litt til overs, og kan hjelpe oss enda lengre på vegen, so vi får satt opp Grillhytte til Oppstryn skule og barnehage.