OPPGRADERING AV UTEOMRÅDE/LEIKEOMRÅDE PÅ ÅMÅS FRISKULE ❤️
I forbindelse med at Åmås Friskule feira 20år som friskule i slutten av 2024 kjende vi foreldra i 1.klasse på eit ønske om å kunne gi noko tilbake til elevane, lærarane, skulen og bygdefolket ❤️
Det har komt inn ønske om å få oppgradere uteområdet/leikeområdet på skulen. Dei yngste klassene har uteskule ein dag i veka, og det er lagt opp til ein del læring gjennom leik. Uteområdet på skulen er svært mykje i bruk, og det er lenge sidan ein har fått gjort oppgraderingar. Vi ser at eit slikt prosjekt vil være til glede for både elevane, lærarane og bygdefolket 💫 Området blir brukt mykje i skulekvardagen, men er også i bruk i forbindelse med ulike tilstelningar i bygda, mellom anna 17.mai-feiring 🇧🇻
Vi opplever at ein på Åmås Friskule møter svært engasjerte, kreative og flinke lærarar som ser og støttar den enkelte elev ✨️ Eit oppgradert uteområde kan kanskje være med på å gjere det enda lettare for lærarane å nytte det til ulike aktivitetar og læring gjennom skuledagen. "Ein god stad å være, ein god stad å lære" ❤️
Det er ikkje landa på eit spesifikt prosjekt då dette kjem ann på kor mykje pengar vi klarer å samle inn. Vi vil oppdatere rundt dette her på spleisen etter kvart.
Alle pengane som kjem inn på spleisen går direkte til skulen sin konto, og kjem til å bli nytta til det beskrivne formålet. Vi håpar at mange ønskar å støtte og å dele spleisen slik at vi kan få til noko kjekt på området ❤️
Mvh Mari-Ann Sævik, på vegne av foreldra i 1.klasse ved Åmås Friskule.


