Oppgradering av storesalen og lisjesalen på Bondalen grendahus
Kjære sambygdingar, vennar og brukarar av Bondalen grendahus.
Bondalen grendahus har i mange år vore eit samlingspunkt for mange i bygda vår og sidan bygget stod ferdig i 1992, har det vore mange sosiale samankomstar på huset. Grendahuset er ein stad der vi samlast til barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup, julefestar, arrangement for barn og unge og mykje meir.
No treng huset sårt ei oppgradering for å halde fram med å vere ein trygg, funksjonell og innbydande møteplass for alle generasjonar.
Vi har sett i gong ein Spleis for å samle inn midlar til ei solid oppgradering av storesalen og lisjesalen. Den gulna panelen skal no få nytt liv, og vi håper dette gjer at vi får auka utleige av grendahuset - som igjen held liv i huset.
Dette er eit av fleire tiltak vi er i gong med, og som vil kome heile bygda til gode og sikre at grendahuset kan brukast i mange år framover.
💚Slik kan du bidra:
🔷 Gje eit valfritt beløp via Spleisen vår (lenke)
🔷 Del denne kampanjen med venner og familie
🔷 Engasjer deg - all bidrag, små eller store, betyr mykje!
Saman kan vi gjere Bondalen grendahus enda betre for framtida! Tusen takk for støtta!
Helsing
styret i Bondalen frilynde ungdomslag

