Di støtte kan sikre framtida – Hasundgot Arena!
Som innbyggjar, forelder og bedriftsleiar kjenner ein no på eit ekstra ansvar for å støtte Hasundgot. Klubben er godt i gong med bygging av ein etterlengta sportshall - for alle. Det skal bli ein arena for motivasjon, trivsel og idrettsglede til små og store i lokalmiljøet, året rundt. Etter oppstart fekk prosjektet ei uventa ekstra økonomisk belastning i fanget, då grunnentreprenør gjekk konkurs i februar. Bygginga er i gong igjen, men prosjektet treng all den ekstra støtta vi kan gi.
Kan vi saman snu dette til noko positivt? Med eit godt samarbeid mellom lokale bedrifter og engasjerte innbyggjarar, klare vi no å gi Hasundgot tilbake den økonomiske kontrollen?
Kvifor støtte Hasundgot?
- Ein trygg og inkluderande arena for alle
- Fremje helse og trivsel
- Styrke fellesskapet i nærmiljøet
Vi har sett oss eit mål om å samle inn minimum 500 000 kroner gjennom Spleis. Med dykkar støtte kan vi bidra til at klubben kan drive berekraftig i framtida, både økonomisk og sportsleg.
Korleis kan du bidra?
- Støtt spleisen med eit valfritt beløp: Kvar krone tel!
- Del vår inn samlingsaksjon med vener, familie og kollegaer.
Sjekk ut nettsida til klubben om du vil bli andelseigar eller sponsor: https://www.hasundgotil.no/stottklubben
- Bli andelseigar: Vel andelssum sjølv, skriv namnet på andelseigar.
- Bli sponsor: Få synlegheit som støttespelar
Tusen takk for di støtte og engasjement.
