Lys og varme til Pakkhuset
For snart 20 år sidan starta arbeidet med å gjere Pakkhuset om til eit hus for bygda! I dag har vi eit flott hus som vert brukt til både bygdearrangement, selskap og - ikkje minst - av badarane kvar dag.
Gjennom åra har både mindre og større vedlikehaldsprosjekt blitt gjennomførte, finansierte av inntektene frå leiga av huset og ein enorm dugnadsinnsats.
Ein av dei store tinga vi enno ikkje har prioritert, er å installere varmepumpe i lokalet. I tillegg er det eit sterkt ønskje om å betre belysninga innandørs. Med desse oppgraderingane vil bruken av Pakkhuset gje meir glede - og varme!
Dette er ei større investering, som vi no søkjer midlar til, kombinert med ein spleis (og ev. andre aktivitetar som gir inntekt øyremerka dette).
Å få bytte ut dagens stråleomnar med varmepumpe gjer det både tryggare og meir stabilt, slik at huset også kan nyttast fleire dagar. Vi vil også oppgradere med nye/fleire stikkontakter, for betre sikkerheit.
Vi håper du vil vere med på å gi eit bidrag til Pakkhuset!
Forsidefoto: Helge Brandal