Kleppe Musikklag til Brass in Concert
Kven er vi?
Kleppe Musikklag er eit elitedivisjonskorps med tilknytning til Askøy. Me er eit ungt, fremadstormande korps med eit ynskje om å vera eit attraktivt korps for lokale musikantar, samt gode førbilete og representantar for musikklivet på øya vår. Per no har Kleppe ein ung gjennomsnittsalder på 21-år. Me jobbar kontinuerleg for å halda eit høgt musikalsk nivå, i kombinasjon med eit godt sosialt miljø for musikantane og støttespelarane våre. Denne kombinasjonen har gjort at me dei siste åra har klart å etablere oss som eitt av landets leiande brassband.
Vårt slagord: Vi kan, vil og tør!
Kva vil vi?
Vårt slagord: “Vi kan, vil og tør!” er godt representativt for framtida til Kleppe Musikklag. I 2025 fekk me invitasjon til å delta i Brass in Concert, ein underholdningskonkurranse som vert arrangert i november 2025 i Gateshead, England. Der vil me møte nokre av dei største korpsa i brassmiljøet, som til dømes The Cory Band og Brighouse & Rastrick Band. Kleppe Musikklag ser på dette som ei stor ære og har valt å takka ja til invitasjonen.
Å forflytte eit heilt korps med tilhøyrande instrument tur/ retur over Nordsjøen er kostbart. Store delar av kapitalen vert betalt av medlemmane sjølv, resten vert betalt av oppsparte dugnadsmidlar som i utgangspunktet er satt av til dagleg drift. Det å drive eit korps på nasjonalt toppnivå er kostbart. I tillegg til at kvar medlem brukar fleire timar i veka på øving, er drifta også avhengig av at alle bidreg med dugnadsarbeid heile året rundt.
Korpset ynskjer å redusere kostnadane for reisa så mykje det kan la seg gjera. Me i Kleppe Musikklag set difor stor pris på all hjelp me kan få, og håper at nettopp du kan tenka deg å hjelpe oss på vegen mot England.

Kva får du?
Dersom du vil følge oss på reisa er me svært aktive på sosiale medier. Du finn oss på fylgjande kanalar:
Facebook som "Kleppe Musikklag"
Instagram som "kleppemusikklag"
På heimesida vår kan du lese meir om korpset: www.kleppemusikklag.net
Ynskjer du å støtte oss vidare?
Kleppe Musikklag tek gjerne i mot deg som ynskjer å støtte oss på vegen vidare. Sjekk ut linken Støtt KML :: Kleppemusikklag for meir infomasjon.
Du kan enkelt ta kontakt med oss på styret@kleppemusikklag.net om du har spørsmål.