Prosjektbilde for Fokus på ME si innsamling til ME-forskinga, i samband med 12.mai 2025

Fokus på ME si innsamling til ME-forskinga, i samband med 12.mai 2025

Innsamla midlar skal gå til den viktige, banebrytande ME-forskinga ved Haukeland. Dette er ei forsking som har fått internasjonal merksemd, og det viktig å sikre at forskingsgruppa kan fortsette arbeidet. Det er også eit signal til Helsestyresmakter.

Små og store innsamlingar vil skape merksemd kring sjukdomen og rette søkelys på behovet for auka økonomiske midlar til biomedisinsk forsking.

Med denne spleisen håpar vi at dei som har mulighet ønskjer å støtte og hjelpe til med å dele vidare.

Det er veldig viktig å skilje mellom sjukdomen ME og andre utmattingstilstandar.

Den internasjonale ME-dagen 12.mai:

Den internasjonale ME-dagen 12. mai har vorte markert sidan 1992, for å skape merksemd og bevisstheit rundt sjukdomen. 12. mai er valt sidan det var fødselsdagen til sjukepleiar Florence Nightingale. I løpet av sitt arbeid under Krimkrigen pådrog Nightingale seg krimfeber. Ho vart aldri frisk att.

Resten av sitt liv tvang sjukdom henne til å bli i sin heim, men målretta som alltid fortsette ho sitt arbeid frå sengekanten. Takka vere Florence Nightingale vart sjukepleie eit heiderleg yrke. Ulike kjelde meiner at det Florence Nightingale vart sjuk av, er det vi i dag kallar ME/CFS. 

Åra går: 

Det hastar å få fortgang i ME-forskninga!! I fjor var det 55-årsjubileum sidan (WHO) offisielt anerkjente ME som ei nevrologisk liding med kode ICD10 G93.3, noko som understrekar kor presserande det er å ta tak i denne globale helsekrisa.

Det er 10 år sidan rapporten frå Institute of Medicine (IOM) i USA kom, der 15 forskarar gjekk gjennom 9000 forskingsartiklar og konkluderte med at ME er ein alvorleg, fysisk, kronisk og kompleks multisystemsjukdom, som gir sterkt nedsett funksjonsnivå. 

ME er ein invalidiserande sjukdom:

Forskinga viser at ME-pasientar har avvik i immunsystemet,  sirkulasjonssystemet og sentralnervesystemet.  Per i dag fins det ingen behandling eller kur, så det ME-pasientar ønskjer seg mest er at det skal forskast på sjukdomen, god behandling og riktig kunnskap.

Bilde er henta frå Jørgen Jelstad sin presentasjon på ME-konferanse Stryn og er eit livkvalitetskjem. Les også dette blogginnlegget frå 2012 - 10 år sidan og framleis er ikkje ME prioritert frå Helsestyresmakter i landet. Framleis er det naudsynt for å samle inn pengar til ME-forskinga. https://debortgjemte.com/2012/06/03/fordommer-vs-forskning/

Støtt ME-forskinga og hjelp oss med å dele spleisen vidare til flest mogleg:

Ved å støtte forskinga på ME bidreg ein til å auke forståinga av sjukdomen og mekanismane bak, og med å utvikle ei behandling for dei som er ramma av ME. Små og store innsamlingar bidreg også til å skape merksemd kring sjukdomen og rette fokus på behovet for meir biomedisinsk forsking. Ved at ein står samla og støttar opp om Spleisen, så vil forhåpentlegvis Helsestyresmakter innsjå at dette feltet må prioriterast. Kavlifondet sitt 10- årige samarbeid har vore avgjerande for ME-forskinga ved Haukeland. Kavlifondet støttar no andre prosjekt. ME-forskinga ved Haukeland vart offentleg kjend hausten 2011 med stor nyheitsreportasje i TV2. No like viktig at pasientar og pårørande vise støtte til at vi trenge midlar til denne forskinga i Noreg. Del til ditt nettverk, lokale politikarar, organisasjonar og næringsliv.

Vi må få akselerert framgong i ME-feltet:

Ein må ta grep og gje hjelp til ME- pasientane og deira familiar, og det må løyvast meir økonomiske midlar til biomedisinsk forsking. Gjennom BEHOV-ME frå forskingsrådet i 2016, når Forskingsrådet ba om innspel frå pasientar og pårørande, så fekk forskingsrådet inn over 700 innspel. Det resulterte i at ein fekk til 4 flotte forskingsprosjekt i Noreg. Mykje av ME-forskinga har vorte finansiert gjennom gåvefond, privatpersonar og pasientar. Kavlifondet si støtte til biomedisinsk forsking på ME i Norge har vore avgjerande. Dei har støtta både forskingsgruppa på Haukeland og ImmunoME-studien ved OUS.

Vi trenge ein runde med forskingsmidlar gjennom BEHOV-ME. I tillegg sikre den viktige ME-forskinga ved Haukeland med langsiktig finasiering, og sikre vidare forskingsmidlar til dei som fekk midlar gjennom BEHOV-ME i 2017 . Forsking på ME må bli prioritert opp på nivå som tilsvarar forsking på andre alvorlege sjukdomar som MS, leddgikt, LUPUS. 

Tid er pengar: 

12 Mai 2024 | Fokuspame Jørgen Jelstad skreiv følgende i fjor :

"Markering av 12 mai helsing til «Fokus på ME»

Tid er penger, heter uttrykket. Men for folk som er kronisk syke, er det mulig å omformulere. Tid er tap. Tapt helse. Tapt økonomi. Tapt familieliv. Tapt hverdag. Tapt normalitet. Som syk taper du hele tiden tid som du, med mindre uflaks i livet, hadde hatt som frisk. Klokka går. Dag etter dag. Og da får man dårlig tid, da. Samtidig som man er dømt til å sette sin lit til den mest tidkrevende øvelsen vi mennesker holder på med: forskning.

Den tiden har ikke folk som er rammet av sykdom. Særlig ikke når mangel på forskning også innebærer mangel på behandling, mangel på god oppfølging og mangel på en grunnleggende anerkjennelse av at man er alvorlig syk."

https://www.fokuspame.no/12-mai-2024

Royal Free Epedimien: 70 år sidan : 

(frå Ola Didrik Saugstad sitt foredrag på ME-konferanse Stryn 2021)

«Sommeren 1955 ble 300 medlemmer av staben ved de fem London sykehusene til Royal Free Group rammet av en ny og ukjent sykdom. Den artet seg som et utbrudd av en svært infeksiøs sykdom hvor pasientene hadde symptomer fra nervesystemet. Ved nøye undersøkelser kunne man imidlertid ikke finne noe infeksiøst agens, som en virus eller bakterie, som utløser av sykdommen. Man lette også i vann, melk og maten forøvrig uten å finne verken noe som kunne utløse en infeksjon eller toksiner som kunne forklare tilstanden.

Flere av dem som ble rammet fikk langvarige plager i flere år, og noen ble aldri friske igjen. Sykehuset ble stengt i 3 måneder og utbruddet varte fra juli til november, men man fant aldri noen årsak til sykdommen. Den var ikke beskrevet i lærebøker. Fordi så mange av pasientene hadde sterke smerter fra musklene og symptomer fra nervesystemet, kalte man tilstanden for godartet myalgisk encephalomyelitt – ME.

15 år senere reanalyserte de to psykiateren McEvedy og Beard disse sykdomstilfellene. Uten å undersøke eller kontakte alle pasientene, konkluderte de med at: Det var liten sannsynlighet for at pasientene hadde hatt en organisk sykdom som en infeksjon. En sannsynlig forklaring var det som de kalte epidemisk hysteri fordi flere kvinner enn menn, ikke var samsvar mellom graden av sykdomsopplevelse og den lave feberen pasientene gjerne hadde, alle undersøkelser var normale, årsaken ukjent, pasientene ser ikke syke ut, ingen behandling, ingen diagnostiske tester».

Dette starta ein debatt om tilstanden var fysiologisk eller psykosomatisk.
Pasientane protesterte på McEvedy og Beards konklusjon. Psykiatrane McEvedy og Beard vann kampen om opinionen de neste 40-45 åra.

I 1988 fekk ein tilsvarande epidemi ved Lake Tahoe i Nevada, som også vart kalla pandemi. Denne tilstanden blei kalla Chronic Fatigue Syndrome og også no kalla mange forskarar dette for en hysteri.

Psykiatarane såg på dei 15 utbrota, spesielt den i London og meinte at dette var «mass hysteria» som dei skulle kalle myalgisk nevrosa.

58 år seinare, andre juledag 2020, vart det publisert kva som hadde føregått under «Royal Free Disease»:

Nokre kvinnelege legar, Rosemary Underhill og Rosemarie Baillod undersøkte kva som skjedde under «Royal free disease». Dei var medisinstudentar på den tida og fekk ikkje tilgang til sjukehuset pga den epidemien og at sjukehuset var stengt ned, så dei vart ikkje sjuke sjølv. Dei tok kontakt med gjenlevande (som var blitt 75-80 år). Fann ut at nokon vart friske men at fleire vart langvarig sjuke. Dei viste det at det som dei to psykiatrane hadde komme fram til ikkje stemde i det heile. Dei hadde til og med manipulert nokre av dataane. Dei seier at ME er ein «organic disease».

Foredraga frå 2021 finn ein på her: https://www.mekonferansestryn.no/youtube-kanal

ME-forskinga ved Haukeland Universitetssykehus:

Overlege Øystein Fluge og Professor Olav Mella leiar forskingsgruppa for ME ved avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk. Studiekoordinator for dei kliniske studiane er sjukepleiar Kari Sørland. Forskingsgruppa er samansett av legar og forskarar, sjukepleiarar, forskingsteknikarar, molekylærbiologar og treningsterapeutar.

Gruppa arbeider med kliniske studiar som omhandlar mogeleg medikamentell behandling for ME/CFS. I tillegg driv gruppa kontinuerlege laboratorieforsøk med utgangspunkt i ein biobank med blodprøver og anna prøvemateriale frå deltakarar i dei kliniske studiane. Forskinga har som mål å kartleggje sjukdomsmekanismar ved ME, og identifisere biomarkørar for sjukdommen.

I samband med forskinga og dei kliniske studiane har dei opparbeida ein solid biobank med prøvemateriale. Materialet er godt karakterisert og forskarane har mykje data om pasientane. Dei har publisert fleire gode forskingsartiklar i siste 10 åra.  Studiar på cellemetabolisme ved Universitetet i Bergen og immunologiske faktorar ved Oslo Universitetssjukehus vert utført med utgangspunkt i denne forskingsbiobanken.

Les meir: https://www.fokuspame.no/forskingsarbeidet-ved-haukeland

UiB får 11 millionar i støtte til ME-forskning; "Forskningsrådet har bevilget 60 millioner kroner til ulike forskningsprosjekt innen kvinnehelse. UiB er tildelt 11 millioner kroner til et prosjekt ved Institutt for biomedisin som skal undersøke om pasienter med ME kan ha en feil i energiomsetningen.

– Denne bevilgningen betyr svært mye for forskningen vår på ME/CFS. Målet for dette prosjektet er å få ny kunnskap om mekanismene bak sykdommen, og lete etter biomarkører som forhåpentligvis kan brukes til diagnostisering og målrettet behandling, sier prosjektleder Karl Johan Tronstad ved Tronstad lab. Han leder forskningen i tett samarbeid med Øystein Fluge og Olav Mella fra UiB og Haukeland universitetssjukehus».

Les artikkelen på UIB sine sider, og Forskning.no:

https://www.uib.no/med/164929/uib-får-11-millioner-i-støtte-til-me-forskning

https://forskning.no/forskningsfinansiering-om-forskning/bergen-forskere-far-millioner-til-me-forskning/2254054

Pengemangel til ME-forskinga gjennom fleire år:

Dette er ein graf/bilde Jørgen Jelstad har vist i fleire foredrag, og sitat under er henta frå eit blogginnlegg Jelstad skreiv i 2014. Sjølv om det er 10 år sidan, har litt blitt betre, men ikkje så mykje. Dette var ei utregning som var gjort for få sidan, men gapet er framleis stort sjølv med den siste tids auke i forskingsmidlar på ME i USA. Gapet utgjer framleis fleire hundre millioner kroner kvart eineste år!!! Kanskje vil ein kome ned til at 1 år med forsking på MS tilsvarar 10 år forsking på ME, i staden for 20 år.

Utrekninga frå 2014:

«Disse tallene sier det meste. Rundt 115 millioner dollar bruker amerikanske National Institutes of Health på forskning på multippel sklerose (MS) hvert eneste år. Det er rundt 700 millioner kroner. På ME/CFS bruker de 5 millioner dollar, rundt 30 millioner kroner.

🔹 Det betyr at ett eneste år med penger til MS-forskning, utgjør 23 år med forskning på ME. Det er så godt som alt av ME-forskning som er gjort gjennom tidene.

🔹 Samme sammenligning med artritt tilsvarer nærmere 50 år med ME-forskning.

🔹 Og sammenligner du med ett års bevilgninger til HIV/AIDS-forskning, utgjør det rundt 600 år med ME-forskning.

Ennå har ingen funnet en kur mot HIV. Ennå vet man ikke hvorfor noen får MS. Og ennå er det fortsatt symptomlindring som gjelder for leddgiktpasienter.

Med dette som utgangspunkt, er det ikke så rart at vi vet så lite om ME. For det er slik helsemyndighetene har valgt at det skal være.

Samtidig har forskerne utviklet gode medisiner mot HIV, MS og leddgikt. Man har riktignok ikke alle svarene, men man vet mye. Mye mer enn for bare noen år siden. Takket være satsing på forskning. Milliarder på milliarder».

https://debortgjemte.com/2014/05/20/me-forskernes-kroniske-pengemangel/

Årstala under og informasjon er henta frå Professor Ola Didrik Saugstad sin presentasjon på ME-konferanse Stryn 2016 og 2019.

1938: Beskrevet i Los Angeles da mange leger og sykepleiere ble syke ved Los Angeles County Hospital. Kjent som: atypisk polio, atypisk MS, epidemisk nevromyasteni

1956: Myalgisk encephalomyelitt (The Lancet)

1969: WHO’s diagnose liste (ICD) ICD 10: klassifisert som en organisk nevrologisk lidelse G 93.3

ME er en biomedisinsk tilstand:
• ME/CFS er en alvorlig, fysisk, kronisk og kompleks multisystemsykdom, som er sterkt funksjonsnedsettende

• Misforståelsen om at sykdommen er psykogen eller en form for somatisering må opphøre. ME/CFS er en fysisk sykdom som angriper flere av kroppens systemer.

• Vitenskapelig evidens slår fast at det foreligger immundysfunksjon ved ME/CSF

Hva forteller forskningen?

• ME/CFS utløses ofte av en infeksjon.
• Avvik i immunsystemet, sentralnervesystemet, sirkulasjonssystemet.

• Svekket kognitiv funksjon – hukommelse og konsentrasjon.

• Flere kvinner enn menn (ca 70 %).

Rapporten frå Institute of Medicine, USA, Februar 2015 kan ein lese her: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/25695122

******

Illustrasjonane under er frå  presentasjonar frå tidlegare foredrag på ME-konferanse Stryn:

Om Fokus på ME:

Vippsnummeret er: 548006.

Om du vil lage ein personleg innsamling er Fokus på ME registrert både i

Spleis: https://www.spleis.no/org/4384

Fast givar: Om du ønskjer å bli fast givar til ME-forskinga, kan du enten bruke doner-knappen på heimesida https://www.fokuspame.no, eller du kan opprette ein betalingsavtale i nettbanken din.

ME er ein av dei mest invalidiserande sjukdomane som er kjend, men likevel er dei statlege midlane til forsking på denne sjukdomen svært låge.

Bakgrunnen for organisasjonen Fokus på ME er at den er starta i håp om at ein kan samle inn pengar, og  dermed sette søkelys på dei manglande økonomiske midlane til biomedisinsk forsking.

Støtt spleisen

Gi et valgfritt beløp

Gi det du vil
For deg som vil støtte med et valgfritt beløp

Kjøp belønninger

Innsamler har ansvar for distribusjon av belønninger
Bilde av belønningen
Blått Silikonarmeband med logoen 'Fokus på ME'
150 kr
Silikonarmebåndet er 202mm og er standard størrelse, som passar dei fleste. Å ta det av og på fungerer med å trekke det over handa. Silikonet er stretchy, så det er litt som et stramt gummiband.
Velg antall
1
Bilde av belønningen
Korthalder i stål med logoen Fokus på ME
150 kr
Velg antall
1
Bilde av belønningen
Kortpakke med måleri av Kunstnar Solveig E. Hopland og 4 refleksbånd
750 kr
Kortpakke med måleri av Kunstnar Solveig E. Hopland og 4 refleksbånd
Velg antall
1

Kjøp lodd

Spleis sender alle produkter direkte hjem til deg. Forventet leveringstid er 5 - 12 dager.
Bilde av belønningen
Digitalt skrapelodd
50 kr
Vinnersjanse 1:50
Velg antall
4

Fokus på ME si innsamling til ME-forskinga, i samband med 12.mai 2025

0 kroner innsamlet

0 givere
25 dager igjen
0% av 35 000 kr
FOKUS PÅ ME sitt profilbilde
FOKUS PÅ ME mottar pengene
Denne knappen åpner en modal med delingsknapper, hvorav den første heter «Del på Facebook».
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
FOKUS PÅ ME er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×