Sykkelløype på Bakketun, Torpo
Alle pengene går til sykkelløype og fasiliteter for sykling på Bakketun, Torpo.
Ål stibyggarlag har dei siste to åra vore ansvarlig for utbygging av fleirbruksti og sykkelløype på Torpo.
Sommaren 2024 åpna ein kilometer med klatrande fleirbruksti frå Bakketun og opp til Siresletta. Sommar 2025 åpner ein kilometer med ny flytsti frå Siresletta og ned til Bakketun, blå gradering.
Trailhead Nesbyen er innleigd entreprenør som leverer svært høg kvalitet i arbeidet sitt.
Formålet med spleisen er å engasjere brukarane av stigane, både lokale og tilresisande. Alle bidrag vil føre til at prosjektregnskapet kjem i balanse i 2025.
Anlegget åpner offisielt sommaren 2026.