Bil til dronebekjempelse i Ukraina
22. februar 2022 eskalerte Russland den folkerettsstridige invasjonskrigen dei har ført mot Ukraina sidan 2014. Sidan då har det ukrainske folket og det ukrainske forsvaret utkjempa ein heroisk kamp mot det alle trudde var ein fullstendig overlegen fiende.
Som del av krigføringa, sender Russland droner og rakettar mot ukrainske byar kvar dag og kvar natt. Dette gjer dei ikkje berre for å ta flest mogleg liv, men også for å knekka den ukrainske motstandsviljen.
No skal Morten og Erik køyra denne vakre doningen til Ukraina. Den skal donerast til ei luftvernartilleriavdeling. Den skal altså brukast til å skyta ned russiske droner og rakettar! Eg kan knapt tenka meg ein betre måte å bruka ein slik bil på. Barn i Ukraina fortener å få sova like trygt om natta som i Noreg.
Men slike bilar kostar jo pengar. Denne bilen er allereie innkjøpt, men me treng å få dekka diesel, fergebillettar og litt vedlikehald. Også vil me jo veldig gjerne kjøpa inn fleire bilar når denne er overlevert. Me set uendeleg stor pris på alle bidrag. Ingen er for små.