Geitespleis på Bondalseidet
Alle pengane som vert samla inn vert brukt til krattrydding på Bondalseidet. Vi leiger geitene, og beløpet vi får inn vi avgjerde kor lenge vi kan ha geitene i traseen.
Ein ny sesong der vi får god hjelp av geiter til å halde nede vegitasjonen i Bratthenget i traseen. Dette er eit viktig arbeid for å halde eit populært frikøyringsområde fritt for busker og kratt. Dette blir tredje sommaren vi nytter geiter til dette arbeidet, og resultatet så langt er meir enn godkjent. Bratthenget er eit område i traseen som er vanskeleg å rydde med "handemakt", så å leige inn geiter til dette arbeidet er ei super løysing. Vi håpar mange skiglade vil vere med å sponse dette arbeidet også i sommar, så får vi krysse fingrane for at snøven dukkar opp komande vinter : ))