Hellesylt Badestrand Sanitærbygg
Sanitærbygget på Badestranda – eit nytt samlingspunkt for Hellesylt
Etter fleire år med planlegging og draumar, er no Sanitærbygget på Badestranda i Hellesylt klart for byggestart. Etter fellesferien går startskotet for sjølve byggefasen,
og det som lenge har vore eit ønskje frå både Hellesylt Ungdomslag og bygdefolket, skal endeleg bli verkelegheit.
Bygget vil innehalde toalett, omkledningsrom, lager og ei badstue – og i tillegg planlegg ein å få på plass ein utedusj.
Dette blir eit stort løft for Hellesylt Ungdomslag, og eit tilbod som vil glede både fastbuande og tilreisande i mange år framover.
Teikningane av bygget viser eit moderne, men naturtilpassa bygg som vil gli godt inn i omgjevnadene ved fjorden. Det er lagt vekt på både funksjonalitet og estetikk.
Eit løft for bygda – og eit trekkplaster
Badestranda på Hellesylt har lenge vore ein populær møteplass, spesielt på varme sommardagar,
eigentleg i alle år sidan stupetårnet på Bergane blei bygd og seinare sjølve badehuset som stod ferdig i 1937.
Men med få fasilitetar har det vore trong for eit bygg som kan gjere området meir brukande og attraktivt – både for kvardagsbruk og arrangement.
Dette er noko vi har jobba med i fleire år, og det kjennest fantastisk å kunne seie at vi no er klare til å starte bygginga,
Sanitærbygget er ikkje berre eit prosjekt for ungdomslaget – men også eit sosialt og kulturelt samlingspunkt for heile bygda.
Det vil styrke Hellesylt som reisemål, og gi både turistar og lokalbefolkning eit nytt tilbod som kan brukast heile året.
Badstue og fjordbad er populært mange stader, og vi har ei unik plassering som gjer dette ekstra spesielt.
Tenk å sitje i badstua og sjå utover fjorden, for så å ta eit friskt bad – det blir heilt magisk.

