FYR TIL FYR 2025 - Vi går saman for ei god sak - Forsking på barnedemens
Syver Blindheim – Du veit han som bergtok oss i «Team Pølsa». Han som viste mot, omsorg og ei enorm styrke på trass av utfordringar. Han som eigde mikrofonen, gav songen til Chris Holsten; «Slå hjerte, slå» ei heilt ny meining. Han som motiverte lagvennane sine, tok eit ekstra tak for laget og gjekk seirande i mål under VM i Trondheim i vinter. Han og familien som våga å snakke om alt det såre og vanskelege som fyller med ein så alvorleg sjukdom som Syver har fått. Pappa Øyvind, Mamma Lydia og veslesyster Ylva - som har vist heile Noreg at det er akkurat no livet er, det er akkurat NO vi må leve. Dei som har gått foran, bana veg og våga å ta oss med inni livet – på godt og vondt.
I år skal vi springe for deg, Syver! For deg og alle dei andre borna som blir ramma av barnedemens. Vi vil vere med på å setje fokus på forsking, og bidra med pengar til at det skal kome ei løysing på denne alvorlege sjukdommen.
Alle deltakarane på Fyr til Fyr 2025 får eit armeband rundt handa som dei har på seg når dei spring årets løp, og som dei kan bruke i tida etterpå.
Alle pengane som kjem inn på denne Spleisen går heilt uavkorta til forsking på Barnedemens.
Vi håper du vil vere med å støtte årets sak.
Les meir her om kva pengane direkte går til. Møt Magnar og forskarteamet hans som jobbar for å finne ein kur mot barnedemens.
https://www.forskning.no/barn-og-ungdom-demens-medisinske-metoder/forskere-leter-etter-kur-for-barnedemens/2476716
Vil du lese meir? Sjå her:
https://www.oslo-universitetssykehus.no/om-oss/ekspertsykehuset/ogsa-barn-kan-fa-demens/
https://www.aldringoghelse.no/nar-barn-far-demens/
https://www.nrk.no/sport/xl/13-ar-gamle-syver-har-barnedemens.-derfor-vil-han-leve-mens-han-fortsatt-kan-1.17216480