Haldis Kismul sin spleis til Norsk Folkehjelp
Det er berre 9 år sidan sist, men ettersom eg tydeligvis ikkje klarar telle til seks så må eg allereie no ut og ha meg nytt pass for å kunne få meg visum til jobbreise seinare i år...
Denne gong som sist, vil eg la famile, venner, og venners venner få styre kor skamklipt eg vil bli på passbiletet mitt; for kvar 200kr som kjem inn til inntekt for Norsk Folkehjelp så snippes 1cm av manken... Per idag er det 98 lange centimeter å ta av det som kanskje er noko av det kjæraste eg har 😅
(Håret klippast i eit stykke dagen før passfotografering, mao. onsdag 23.juli. Dei avklipte lengdene vil sendast Apollo Hårsenter for produksjon av parykker og hårdeler til folk som av ulike årsaker trenger dette)
Sist kom me ikkje heilt å mål, og eg vart sitjande igjen med ein snaisen bob. Eg veit de kan betre enn dette, og har herved kasta hansken!


