Kjære alle saman💚
10. september 2025 13:45
Vi vil rette ein stor takk til kvar og ein av dykk som støttar og deler spleisen 🙌
Bidraga dykkar betyr utruleg mykje – både økonomisk og som eit sterkt uttrykk for håp, omsorg og fellesskap.
🌍 I dag, 10. september, markerer vi Verdensdagen for sjølvmordsførebygging. Denne dagen gjer det ekstra sterkt å sjå all den støtta som kjem inn – til minne om Oscar, og til støtte for LEVE sitt viktige arbeid for etterlatne og for å førebygge nye tap.
💚 Takk for at de er med og sprer både håp og kjærleik. Saman gir vi fleire styrke.
Varme helsingar
OSA FPL
