Istandsetting av Nilsbua, Hellevik
- Nilsbua, Hellevik er ei av svært få sjøbuer att i Dalsfjordregionen. Bygget er difor av høg kulturhistorisk verdi og er eit viktig kulturminne over kystkulturen. Istandsetting er eit samarbeid mellom eigar Brit Salbu og engasjerte eldsjeler i Hellevik grendelag. Bua er tildelt kr 400 000 i midler frå Kystkulturminnefondet i mars 2017, men treng å reise midler til eigenandel ved istandsettinga. Bua vart reist i Ura av Torgeir Hellevik. Bua på kaia har rom for butikk, og lager for godsekspedisjon. Der var i tillegg kjøkken og stove i privatdel nede og stove og 3 soverom, samt lagerrom i andre etasje. Bua vart flytta over på Hellevik kai i 1906, same året som kaia vart bygd. Nils Børven dreiv butikk og budde med familien i bua i Ura og på kaia fram til krigen? Ein annan Nils, Nils Lone tok over ekspedisjonen og butikkdrifta, etter kvart saman med kona Laura Lone. Dei budde i bua og dreiv ekspedisjon og butikk til dei flytta over i eige butikkbygg på 1950 tallet. Peder Brendehaug og andre tok då over ekspedisjonen. Skomaker Gunnar Sørbø dreiv ei tid skomakerverkstad i butikkdelen av bua. Det stod opprinneleg ei gammel "vindebu" på andre enden av kaia. Der vart varer heisa opp frå båtane og frakta over til bua.