Joggedag til støtte for Urafiki og skulebygging i Bukavu, DR Kongo
Barneskulen EP Mulambula i Bukavu er Seim skule sin venskapsskule. Dei to skulane har tett kontakt gjennom utveksling av tekstar og bilete, samtalar på WhatsApp og innsamlingsaksjonar (joggeløp, julemarknad mm). Midlar som kjem inn i samband med innsamlingsaksjonane, går til vidare utbygging av Mulambula. Dei siste fire klasseromma som stod "ferdige" i fjor, manglar framleis golv, innvendig tak, glass i vindauge og maling. Når desse romma er ferdige, står kontor, toaletter og datarom for tur. Arbeidet skal bidra til auka kunnskap og forståing, kulturutveksling og venskapsutvikling mellom barn og vaksne på EP Mulambula og Seim skule.