Seljord Frivilligsentral – Sammen åpner vi dører – TV-aksjonen 2025
💚 Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen for å opne dører for menneske med funksjonsnedsetjingar som lever i krig og fattigdom.
Tenk deg å vekse opp utan å kunne gå på skulen fordi bygget ikkje er tilrettelagt. Å ikkje få den helsehjelpa du treng fordi du har ei funksjonsnedsetjing. Eller å bli etterlaten når krigen kjem fordi du ikkje kan flykte like raskt som andre. Slik er kvardagen for altfor mange.
🌍 1,3 milliardar menneske i verda har ei funksjonsnedsetjing. Mange lever i fattigdom, utan utdanning, arbeid eller rett hjelp. I konfliktområde blir situasjonen endå verre – fleire blir skadde, og altfor mange blir ståande utan støtte.
Gjennom årets TV-aksjon skal vi saman gje 200 000 menneske og familiane deira eit betre og meir verdig liv i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia.
Saman skal me
- sikre skulegang for fleire barn med funksjonsnedsetjingar
- bidra med helsehjelp og hjelpemiddel som krykker, rullestolar og kvite stokkane for svaksynte og blinde
- sørgje for at nødhjelp når fram til menneske med funksjonsnedsetjingar – i krig og konflikt er dei ekstra sårbare
- hjelpe menneske å bearbeide vonde opplevingar gjennom mental helsehjelp
- gje startlån og yrkesopplæring, slik at fleire kjem i arbeid
- jobbe med lokalsamfunn for å fjerne stigma og utanforskap, slik at alle får delta
TV-aksjonen handlar om meir enn pengar. Det handlar om rettferd, like moglegheiter og menneskeverd.


